Mus.

 


Litt om oppgåva og faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Dette er den minste og lettaste oppgåva i strikking. For nokre elevar er denne oppgåva likevel stor nok.

For å kunne lage ei mus, må du strikke eit kvadrat. Eg brukar vanlegvis 20 masker. Mange elevar må ha hjelp når dei skal skifte pinne, det er difor lurt å ha så pass mange masker.

Når kvadratet er ferdig, må kan hende læraren sy saman musa.

Legg kvadratet saman diagonalt. Sy saman musa med tette sting. Bruk same tråden som musa er strikka i. Start samansyinga frå halen. Når du kjem opp til øyra syr du attersting tvers over ca. 11/2 cm nedanfor spissen. Sy tette kastesting ca. 2cm til. Fyll vatt inn i musa, men ikkje heilt full. Sy på auga. Bruk stjernesting i høveleg farge.
Du ser lettare kvar auga skal plasserast når det er litt vatt i den.
Fyll musa heilt og sy saman resten. Sy på munn og verhår.

Halen kan du anten flette eller tvinne.


Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.