|
Pute. |
|
| Litt
om oppgåva og faget. Strikka mus. Strikka katt Strikka babysokkar. Filtdyr. Løpar. Pute. Forkle. Posepose. Bomullspose. Heks. Mus med klede. Grå filtmus. Juletre og julebjølle. Applikert bilete. Broderi. |
Pute er vel ei oppgåve som har vore
brukt gjennom alle tider. Denne varianten har vi laga
mange av dei 2 siste åra. Stoff og fargeval har variert,
likeeins dekor. Bomullsstoff har vore mest brukt.
Størrelsen har variert, men dei fleste har laga pute med
ferdig mål 40 x 40 cm. Klipp ut eit stykke på 50 x 50 cm. Klipp ut 2 stk. på 50 x 32 cm til bakstykke. Framstykke og bakstykke treng ikkje å vere i same farge. Skal puta applikerast på eller dekorerast på andre måtar(setje på band eller blonder),må det gjerast først. Sy sik-sak rundt alle sidene så nær som eine
langsida på dei 2 stykka som er til bakstykke. Brett inn
kant på dei langsidene som ikkje er sydd sik-sak, først
1 cm, så 1 cm til. Legg dei 2 bakstykka opp på
framstykket-rette mot rette.Dette for å vere sikker på
at du legg dei to bakstykka så mykje over ein annan at
dei går kant i kant med framstykket. (Har klippinga vore
nøyaktig, skal stykka liggje 5 cm over ein annan). Set
knappenåler i dei to bakstykkedelene der dei skal syast
saman. Sy frå begge kantane ca. 10cm inn mot midten.
Legg bakstykket og framstykket mot kvarandre rette mot
rette og set knappenåler rundt kanten, trokl og sy med
maskin 1 cm frå kanten. Stryk ut saumen. Vreng puta.
Bruk knappenåler til å dra stoffet godt ut i saumen.
Set knappenåler rundt heile kanten. Stryk puta. Mål 4
cm inn frå kanten og set strek. Bruk linjal og
stoffkrit. Set knappenåler over streken. Sy med maskin
etter streken som er merkt opp. Sy i 1 eller 2 patentar
eller knappar i opningen. No kan enten eleven kjøpe
innerpute eller lage innerpute sjølv. Bruk billig stoff
og fyll den med vatt. Vi er så heldige at vi får gratis
vatt frå ein møbelfabrikk i bygda, så her lagar
elevane innerpute sjølve.
|