Posepose.

 


Litt om oppgåva og faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Poseposen er ein oppbevaringstad for bereposar,og den er enkel og grei å lage.

Dekoren vel du eller eleven sjølv, applikasjon, maskinbroderi, stoffband, skråband og/eller blonder. Den kan godt lagast utan dekorasjon og. Du bestemmer sjølv.

Størrelsen på posen kan du velje sjølv. Elevane har ofte sjølv synspunkt på kor store dei vil lage den. Det avheng litt av kvar den skal henge. Skal den vere inne i eit skap, må den sansynlegvis vere mindre enn viss den skal henge på ein vegg.

Her kjem eit forslag: Ferdig mål 45 x 26 cm. Klipp ut eit rektangel som er 57 x 28 cm.

Sy sik-saksaum langs dei to langsidene.
Skal posen dekorerast, må det gjerast no.
Brett stykket om midten, (langs langsida). Hugs rettsida inn. Set knappenåler, trokl om det er nødvendig. Sy rettsaum med maskina. Stryk ut saumen med strykejern. Lag løpegang oppe og nede. Brett først 1cm, så 4cm. Set fast med knappenåler.

Trokl og sy. Hugs ca 1 cm opning til å få strikket inn i. Sy ein saum ca 1 cm parallelt med den første saumen. Her trekkjer du strikket gjennom til slutt.På denne måten får du ein fin kant over rynkegangen, slik at bereposane ikkje synest. Lag ei hempe av stoffet eller av bretta skråband. Sy den på posen. Trekk strikk gjennom løpegangane både oppe og nede.

Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.