Mus med klede.


Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Denne musa er enkel å lage. Om ikkje mønsteret stemmer heilt, gjer det ingen ting. Musa blir like bra for det. Dette mønsteret teikna eg etter ei ferdig mus, så eg trur neppe det opphavelege mønsteret var akkurat slik som dette.

Bruk filt, det er lettast å jobbe med og det blir fint. Kva farge du vel er opp til deg , men eg tykkjer grått er finast.
Klipp ut mønsterdelene med 1 cm saumrom. Viss du vel å ha knappar som auge, er det lurt å setje dei på først.
Legg mønsterdelene saman rette mot rette. Set fast med knappenåler, trokl og sy saman med maskin. Snu musa med retta ut.
Fyll musa med vatt.
Legg mønsteret til botnen på eit stykke stiv papp og klipp ut.
Legg den stive kartongen opp på filtbotnen og set dei 1 cm inn om kanten på kroppen. Brett kroppen ned om botnen og sy til med nål og tråd. Kroppen på musa vil no gå 1 cm inn på botnen.

Klede til musa: Kjolen er eit rektangulert stykke på 17 x 47 cm. Sy sik-sak på begge kortsidene.Brett stykket dobbelt med retta inn. Set knappenåler, sy med rettsaum 1 cm innafor kanten.Stryk ut saumen.Brett fald nede,først 1 cm- så 1 cm til. Set knappenåler, trokl om nødvendig, sy med maskin. Brett inn 1cm,så 11/2 eller 2 cm til løpegang oppe. Set i strikk i passe lengde.
Til armar klipper du 2 rektangel på 14 x 41/2 cm. Sy sik-sak, brett dobbelt, set knappenåler og sy.Set på blonder framme viss du vil.

Sy armane fast på kjolen med nål og tråd. Til armar er det enklast å bruke piperensarar. Bruk minst 2 i kvar arm. Du kan og klippe og lage til hender i filt. Du kan lage til eit ekstra skjørt med rynker-bruk fantasien. På hovudet kan du enten lage eit skaut eller ein rund hatt. Viss du vil ha hatt kan du bruke mønsteret til botnen på musa, og så sy på blonde med strikk i rundt kanten. Øyra klipper du ut i grå filt og syr på hatten eller skautet med nål og tråd.

Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.