|
Løpar. |
|
| Litt
om oppgåva og faget. Strikka mus. Strikka katt Strikka babysokkar. Filtdyr. Løpar. Pute. Forkle. Posepose. Bomullspose. Heks. Mus med klede. Grå filtmus. Juletre og julebjølle. Applikert bilete. Broderi. |
Dette er ei lett oppgåve som alle som
har lært å sy på symaskin kan klare. Den lettaste
varianten er å klippe ut eit rektangulert eller
kvadratisk stykke i bomullstoff. Brett inn kanten, først
1 cm og så 1 eller 11/2 cm til. Set knappenåler og
trokl rundt kanten. Det lettaste er å først stryke
kanten med strykejern og så setje knappenåler og
trokle. Sy med symaskin langs kanten etter troklinga. Få elevane til å vurdere kva farge og mønster som passar der løparen skal liggje. Fleire av mine elevar har laga pute og løpar i same stoff. Enkelte har laga fleire løparar i same stoff, men i ulike storleikar. Etter dei har falda løparen kan dei med fordel setje blonder rundt kanten. Det pyntar opp, og elevane får meir trening i å både trokle og sy på symaskin. Hjørna blir finast med 3 legg. Nokre av elevane må ha hjelp til det. Viss de bestiller varer frå S G S TEKSTIL & HOBBY kostar ikkje blondene på langt nær så mykje som i ein stoffbutikk.
|
|