|
Heks. |
|
| Litt
om oppgåva og faget. Strikka mus. Strikka katt Strikka babysokkar. Filtdyr. Løpar. Pute. Forkle. Posepose. Bomullspose. Heks. Mus med klede. Grå filtmus. Juletre og julebjølle. Applikert bilete. Broderi. |
Dette er ei oppgåve som passar både for
6. og 7. klasse. Til heksa har vi brukt svart filt, men andre fargar og stoff kan også heilt sikkert brukast. Eg har mønster til 2 ulike storleikar. Den største er likevel å anbefale, og dei aller fleste har valt denne størrelsen. Mønsteret til
den minste heksa finn du på neste side. Mønsteret til
den største heksa får du lettast ved å forstørre opp
ved hjelp av kopimaskin. Til orientering skriv eg måla
på heksene under, men heksene blir heilt sikkert like
fine om du brukar andre mål. Den minste er 27cm høg og 15 cm tvers over nede. Hatten er 14 cm i diameter. Innerholet her er 3,8cm i diameter. Klipp ut etter mønsterdelene.Om sømrom skal vere med, bestemmer du sjølv. Det avheng av kor stor du vil ha den. Dei 2 trekantane er både hatt og kropp på heksa. Legg dei mot kvarandre, set knappenåler og sy rundt med maskin. Start ca.3cm frå hjørnet i botnen på heksa. Avslutt ca. 3 cm frå andre hjørnet. Vreng heksa.Fyll vatt i heksa og sy saman under med nål og tråd. Etterpå syr du saman dei 2 hjørna med nål og tråd. Den opningen som no vert laga i botnen på heksa, skal vere til å ha kvister i. Ei skikkeleg heks må ri på ein sopelime. Hatten på heksa vert danna av øvste delen av trekanten og rundingen. Klipp ut dei 2 sirklane i filt. Klipp også ut 2 like store sirklar i vliselin. Stryk vliselin på begge filtsirklane og legg dei saman, vliselin mot vliselin. Set knappenåler og sy rundt ytterkanten med symaskin. Til den minste heksa trengst det ikkje vliselin til hatten. Ansiktet klipper du ut i stiv kartong. Legg litt vatt på, litt ekstra der nasa skal vere.Du kan godt feste vatten til pappen med litt lim.Strekk litt av ei stømpebukse over. Sy strømpen saman på baksida med nål og tråd. Sy nokre sting med brun tråd rundt nasa og ned mot munnen. Desse stinga markerer litt rynker. Bruk fantasien. Teikn på auge og munn. Sminkinga er opp til kvar enkelt. Fest ansiktet til kroppen med nål og tråd. Litt ull eller tråd rundt ansiktet til hår, gjer seg. Til slutt må heksa ha litt klede. Klipp
ut eit rektangulert stykke til skjørt. For å få nok
rynker bør det i alle fall vere dobbelt så langt som
målet på heksa rundt livet, d.v.s.rundt kroppen rett
under ansiktet. Set gjerne lappar på skjørtet. Sy saman
skjørtet bak og sy ein løpegang øverst. Trekk ein
strikk gjennom og knyt eller sy saman bak. Legg opp
skjørtet eller lag frynser.
|