Forkle.

 


Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Av forkle finst det mange variantar. Den varianten eg presenterer her er den eg tykkjer er enklast for elevane. Det er få timar i rein tekstilforming. For at ikkje elevane skal bli leie, er det viktig at ein ikkje held på med ein og same tingen alt for lenge.

Når eg startar med forkle brukar eg å ta mål på den enkelte elev. Dei får vere med å bestemme kor side og vide dei vil ha forkleda sine.( I alle fall inn til ei viss grense).

Klipp eit rektangel så langt og breitt du tykkjer høver. Legg til 4cm til fald på begge sidene. Berekn 3 cm til fald oppe. Viss stoffet er einsfarga legg du til 26 cm nede til lomme. Viss forkledet skal vere t.d.72cm langt, klipper du det 101 cm. Lommen nede blir då 23 cm høg.

Det første du gjer er å brette ned fald på lommen, først 1 cm - så 2cm. Viss det skal vere litt pynt på lommen må det gjerast no. Set på skråband i høvelege fargar. Bruk fantasien. Brett opp slik at lommen blir 23 cm djup. Set fast med knappenåler. Trokl tvers over slik at den held seg på plass.

Læraren klipper no bort ein trekant oppe på kvar side. Brett tystykket dobbelt slik at du klipper vekk begge trekantane samtidig. Dette klipper du lett på frihand.

Brett så inn fald på sidene:1+11/2cm.(Lommen blir bretta inn i lag med det andre stoffet). Brett ned falden som skal vere oppe-1+2cm. Brett så inn skråkanten oppe på sidene. Dette skal vere løpegang for snora rundt halsen. Brett først inn 1cm, så 4-5 cm alt etter kor brei du vil ha snora.
Lag snora av stoff så brei og lang du vil ha den. Eg har brukt ca 3 cm breidde, klipper då 8 cm. Eg har brukt å la elevane stryke inn 1cm kant på begge sider og så brette dobbelt, setje knappenåler, trokle og sy med symaskin. Nokre treng hjelp til strykinga.
Tre snora gjennom løpegangane. Lag rikeleg lange band, for forkledet kan justerast ved hjelp av banda og vekse med eleven.

Viss du vel å ha lommen i ein anna farge må du klippe forkledet og lommen i to stykke.Kanskje er forkledet einsfarga og lommen blomstrete eller rutete - eller omvendt. Kanskje vil nokre lage heile forkledet av mønstrete,stripete eller rutete stoff. Ialle tilfella må du klippe lommen for seg sjølv. Du må då sy sik-sak på forkledet og lommen nede, og så leggje lommen med retta mot vranga på forkledet.

Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.