Grå filtmus.


 
Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Denne musa er kan hende litt vanskelegare å lage, men med litt hjelp så går det bra. Eg har kalla den for grå filtmus, men fargen er sjølvsagt opp til kvar enkelt.

Mønsterdelene finn du på neste side.
Klipp alle delene med 1 cm sømrom. Klipp hakk for øyra.
Klipp 4 stk. øyre og legg dei saman to og to.
Set fast med knappenåler og sy rundt ca. 1/2 cm innafor kanten. (Sy ikkje att den sida som skal setjast fast i musekroppen).
Vreng øyra og brett inn 2 legg slik at dei passar inn i dei utklipte hakka. Set dei fast med knappenåler og trokl. Sy med maskin.
Skal auga lagast av knappar, må dei syast i no.

Brett saman rette mot rette, set knappenåler og trokl.
Sy saumen langs etter ryggen.
Set på bakstykket med knappenåler, trokl og sy. La det stå ope 4-5 cm slik at du kan fylle musa med vatt. Sy att med nål og tråd.
Hugs å lage hale og sy den saman med botnen.

Til hale kan du bruke ei annoraksnor eller ei skoreim. Du kan også tvinne eller flette ein hale.

Viss du ikkje vil ha knappar til auge, kan du no lime på ferdigkjøpte auge.


Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.