Filtdyr.

 


Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Desse filtdyra har vore utruleg populære. Eg har ofte starta med dei som første oppgåve på symaskina etter at elevane har trena seg på prøvelappar. Mange elevar har laga både 2 og 3 eksemplar av dei. Mønsteret til filtdyra fann eg i Alt om handarbeide.Nr.2 1992.

Etter oppskrifta skal det vere ris i filtdyra som fyll, men vi brukar ofte vatt. Elevane får velje sjølve.Elevane brukar fantasien når dei lagar desse dyra. Nokre får massevis av hår, andre får store filtauge. Dei fleste vel å klippe ut både auge og munn i filt.

Teikn av mønsteret (eller kopier)og klipp ut delene. Det treng ikkje vere same farge på bakstykke og framstykke.Hugs å feste føter og hender på eine stykket før du legg det andre opp på. Trokl stykka saman.

Sy delene saman med maskin, 1/2 cm frå den ytterste kanten La ca. 2 cm stå ope slik at du får fylt den. Fyller du med vatt bør opningen vere større.

Mønster til filtdyr nr.1 er teikna med svart.
Mønster til filtdyr nr.2 er teikna med blått. Trekanten her skal du klippe 4 stk.av.


Mønster til filtdyr nr.3 er teikna med lilla. Mønster til filtdyr nr.4 er teikna med raudt.
Mønster til filtdyr nr.5 er teikna med grønt.
Føtene er det to typar av.

Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.