Broderi.


Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.
Når det gjeld broderi finst det mange gode forslag og idear i ukeblad og andre handarbeidsblad. Eg vil her berre nemne 2 idear som har fungert godt hjå mine elevar. Den eine er eit gruppearbeid og det andre er supportervimpel eller supporterskjerf.

Supporterskjerf er den enklaste varianten, og godt eigna til gutar. Her på vår skule er det berre gutar som har laga det. For gutar som berre interesserar seg for ein ting her i livet,nemleg fotball, er det ikkje alltid like lett å finne oppgåver som fengar. Denne ideen kom faktisk frå ein av desse gutane, og etter det er det mange andre som har laga det.

Klipp ut eit rektangulert stykke i aida. Velg farge alt etter kva engelsk lag du har som favoritt. Klipp ut ca. 28 x 100 cm eller så stort du ynskjer å ha det. Sy sik-sak rundt heile skjerfet ca. 1cm innafor kanten. Lag frynser utanfor sik-sak kanten. Teikn med stoffkrit eller anna fargekrit bokstavane til laget ditt, og broder korssting etter dei. Du må vere nøyaktig slik at alle bokstavane vert like høge og mellomrommet mellom bokstavane vert like store. Det er lurt å teikne bokstavane på rutepapir først.

Brodert gruppearbeid.
Klassen vår skulle lage eit gruppearbeid å gje vekk. Dei gjekk då i 3.klasse (4.klasse no).Vi var 2 lærarar på klassen, og det var heilt nødvendig. Elevane var utruleg flinke,men det var sjølvsagt mange som trengde hjelp. Eg hadde aldri klart å hjelpe 22 elevar åleine.

Klipp ut så mange stykke i aidastoff som det er elevar i klassen. Kor store du vil ha dei er opp til deg. Eg valde kvitt stoff.
Teikn rundt blomane og blada med fargekrit. Eg valde 4 ulike blomar og teikna fleire av desse.
Vel tråd i fargar som høver saman og la elevane velje ut frå desse. Bruk ikkje for mange fargar. Når elevane er ferdige, må læraren sy stykka saman. Tenk over korleis du set dei saman. Sy på bakstykke og sy kant rundt. Lag oppheng. Sy ca.5cm breie hemper av same stoff som kanten rundt og smett inn på ei oldemorstang eller liknande. Kosteskaft er mykje billegare og gjer same tena, så bruk heller det.

Tilbake til start.   Tilbake.