|
Bomullspose. |
|
| Litt
om oppgåva og faget. Strikka mus. Strikka katt Strikka babysokkar. Filtdyr. Løpar. Pute. Forkle. Posepose. Bomullspose. Heks. Mus med klede. Grå filtmus. Juletre og julebjølle. Applikert bilete. Broderi. |
Dette er eit trekk til bomullsposen. Det
er ei enkel og rask oppgåve. Finn eleven eit stoff som
passar til badet, er det ekstra kjekt. Her kan elevane bruke fantasien. På einsfarga stoff kan dei setje på skråband, blonder eller brette band av mønstrete stoff. Dei kan applikere, lage mønster med maskinsaum eller bruke stofftrykk.På mønstrete eller rutete stoff kan dei også setje på blonder eller skråband. Slepp fantasien laus! Hugs at dekoreringa må gjerast før posen vert samansydd. Bomullsposen måler ferdig sydd 28 x 34 cm. Klipp ut eit rektangel som er 30 x 40 cm. Då har du 1cm sømrom på langsidene og 3cm sømrom oppe og nede på posen.
|