|
Babysokkar. |
|
| Litt
om oppgåva og faget. Strikka mus. Strikka katt Strikka babysokkar. Filtdyr. Løpar. Pute. Forkle. Posepose. Bomullspose. Heks. Mus med klede. Grå filtmus. Juletre og julebjølle. Applikert bilete. Broderi. |
Bruk babygarn eller eit anna
mjukt ullgarn. Legg opp 42 masker. Strikk rettstrikk fram og tilbake 30 gonger. Det blir 15 riller. Lag holrand: Strikk 1m.,x kast, 2 rett saman,1rett.x. Gjenta frå x til x ut pinnen. Neste omgang skal strikkast som vanleg. Strikk i kastet som om det er ei maske. Strikk rettstrikk fram og tilbake 4 gonger. No skal arbeidet delast i 3. Set dei første og dei siste 14 maskene på tråd. Dei 14 maskene i midten strikkar du vidare fram og tilbake til du har 14 riller. Arbeidet ser no slik ut:
Ta opp på pinne dei 14 første maskene som står på tråd. Ta opp 12 masker langs etter rista, strikk dei 14 maskene i midten. Ta opp 12 masker på andre sida av rista og så dei 14 m. til slutt. Strikk rettstrikk fram og tilbake 24 gonger. Fell av. Sy saman under og bak på sokken. |