Vi har fleire artar maur, men den mest vanlege her hos oss er skogsmauren. Mauren er eit sosialtinsekt som byggjer tuer av barnåler og sndre plantemateriale. Det kan vere hundretusener, av og til millionar maur i ei tue. Tua har som oftast ein underjordisk del som er større enn den delen vi ser.Inne i tua har maurane bygd mange gangar og rom. Nokre av romma er barnerom for egg, lervar og pupper. I andre rom bur maurdronninga som legg egg.
I eit maursamfunn finn vi hoer (dronninger), hanner og arbeidarar (hoer som ikkje legg egg). Det er berre dronninga som legg egg.
Arbeidarane steller egg, larver og pupper. Nokre matar dronninga, andre fraktar heim mat til tua (insekt og andre småkryp). Ein del arbeidarar byggjer på og forsvarar tua.
I ei tue er det flest arbeidarar som vert klekt, men i juni/ juli vert det og klekt hannar og hoer med vengjer. Desse svermar og parar seg i lufta. Hannene døyr etter paringa, men hoene vender tilbake til tua eller finn seg ein annan stad og byggjer ei tue der. I tua tek ho til å leggje egg. Ei maurdronning parar seg berre ein gong. Etterpå kan ho leggje egg i fleire år.
Dronninga kan leve i fleire år, men arbeidarane vert berre nokre få månader. All maur søv vintersøvn i tua.
