(vipera berus)
Hoggormen er av dei dyra som søv vintersøvn. Vi seier han er vekselvarmig. Som oftast søv fleire hundre dyr saman i ei hole eller i ei steinrøys. Dei vaknar når vårsola skin på hola eller røysa.
Hoggormen er gråsvart eller brunaktig med mørkt sikksakkmønster på ryggen. På dei mørkaste ormane er det vanskeleg å sjø sikksakkranda.
Hoggormen er giftig og bit dersom han blir skremd. Dersom du vert bitem, bør du halde deg mest mogleg i ro og la andre springe etter hjelp. Han et mus og sndre småkryp. Han er redd for piggsvin og maur, så nær ei maurtue finn du ikkje hoggorm.
Det ser ut som hoggormen får levande ungar, men i røynda trengar ungane seg ut av den gjennomskinelege egghinna under fødselen. Han får 5-12 ungar i august/ september. Ungane er 14-20cm lange når dei er nyfødde. Ein vaaksen orm bli vanlegvis50-70cm, men den kan bli opptil 90cm lang. Vanleg vekt er 150-200g. Hoa er litt større enn hannen.
