Friluftsliv i Grunnskulen

"Friluftslivet er eit viktig innslag i den norske kulturen. Opplæringa skal fremje glede over fysisk aktivitet og over det storslåtte i naturen og dessutan fremje omsorga for dei utsette delane av naturen. Det kan gje elevane opplevingar og få dei til å forstå seg sjølve som ein del av naturen,og utvikle positive holdningar hjå den enkelte til naturvern og til miljøvern."

Desse linjene er henta frå innleiinga til fagplanen i kroppsøving i L-97 der friluftliv har ein heilt sentral plass. For småskulesteget er emnet kalla nærmiljø og natur, på mellomsteget ut i naturen og på ungdomsteget er det endeleg kalla friluftsliv. Felles for dei alle er likevel aktivitetar i naturen, som fremjer "glede over fysisk aktivitet og det storslåtte i naturen" og gjennom dette er det meininga at  elevane skal utvikle positive haldningar til naturvern og miljøvern. I tillegg kjem det helsemessige aspektet som er det overordna målet for all undervisning i kroppsøving.

Denne oppgåva er meint som eit læremiddel eller eit oppslagsverk for lærarar som skal undervise i friluftsliv i grunnskulen. Det er meint å gje ei oversikt over aktuelle aktivitetar og emner som skal vere med i faget, og desse er samla i kategoriar under menyen til venstre. Meiniga er å gje ein beskrivelse av områder innan friluftslivet som elevane skal  ha vert igjennom etter 10 års skulegong, utan at oversikta vil  vere heilt utfyllande etter L-97. Store delar av stoffet er beskreve utan nokre pedagogiske kommentarar. Dette er delar av stoffet som eg betraktar som kunnskapsstoff som er viktig for elevane å kunne. Andre stadar har eg lagt meir vekt på det pedagogiske og brukt kommentarar som knyttar stoffet opp til undervisninga i skulen.

Når det gjeld oppbygginga av den tekniske strukturen i oppgåva, er det viktig å merke seg menylista til venstre. Her er som sagt hovudkategoriane i oppgåva, som er valgt med utgangspunkt i fagplanen for kroppsøving (sjå ovanfor). Inne på dei ulike sidene er det ikkje laga tilbakeknappar. Meininga er at menysida skal brukast til å bla deg dit du vil, enten det er til førstesida (denne sida) eller til andre sider under menyen.

Til toppen av sida