Slira hovudside
Når kniven er ferdig, er tida komen for å starte på
slira. Den skal beskytte kniven og brukaren, og må difor vere solid
og samtidig halde kniven på plass. Læret må vere så
solid at bladet ikkje skjer seg igjennom og øydelegg slira, eller
for den saks skuld skadar brukaren. Det finst fleire aktuelle lærtypar.
Bindsålelær og Shafslirelær er gjennomgarva, medan valklær
med rårand (også kalla ortopedisk lær) og Østfoldlær
har eit lag midt i som er ugarva, rå hud. Eg har berre brukt
valklær med rårand, så difor handlar dette kapittelet
om slirer av denne lærtypen.
Som i dei fleste fag er det mange vegar som fører fram til ei
løysing. Slik er det med sying av slirer også, men uansett
er det best at ein syr i vått lær. Dette er fordi det ellers
vil vere for hardt å sy tørt. Råranda er hard som negl,
og saumen skal ideelt sett gå midt igjennom. Den same råranda
gjer at den ferdige slira vert stiv og held forma, samtidig med at bladet
vanskeleg kan trenge igjennom.
Råranda er grunnlaget for ein dekorasjonsteknikk som heiter pauting.
Når læret er godt oppbløytt, kan ein bearbeide råranda
slik at ho blir formbar. Ein brukar då spesielle pautejern der ein
øver sterkt trykk på læret i sideretninga. Etter ei
tids arbeid løyser råranda seg litt opp slik at den vert plastisk.
Då kan massen flyttast, faktisk fleire cm, og vi kan forme forholdsvis
detaljerte figurar eller mønster. Ein av dei som er lengst komne
på dette området, er Knut
Dahl. Eg anbefaler sida hans for dei som har interesse av å
sjå kva som kan lagast med pauting.
Også i samband med slira er det behov for fleire sider på
grunn av at ein har bruk for nokså mange arbeidsoperasjonar.