Skaftet hovudside

Detalj av dragehodekniv laga av Knut DahlSkaftet er ein av dei tre hovuddelene av ein kniv, og forma er viktig både for utsjånaden og funksjonen til kniven. Eit fint skaft pregar ein kniv og kan vere avgjerande for suksess elle fiasko. Grepet om kniven er viktig, og gjennom ulike skaftformer kan ein sikre seg imot at fingrane glir på eit glatt skaft. Dei aller fleste av dei norske tolleknivane har ikkje noko form for parérplate eller fingerbeskyttelse, slik ein kan finne på utanlandske knivar.Ein del brukarar av Morakniven har fått kjenne kor skarpt bladet kan vere, mellom dei min eigen far. Han skar av sener i to fingrar under bløgging av storsei for over 60 år sidan, og har fått leve med plagene sidan. Eit eksempel på at skaftforma er av stor betydning for brukseigenskapane. Ein anna ting er at ein må lære seg å bruke plaster når ein held på med kniv.

Detalj frå knivskaft.
Knut Dahl kan
kunsten å forme i
kvaltann!

På grunn av at skaftet er nokså arbeidskrevande og framstillinga inneheld mange steg , har eg laga eiga innhaldsliste for emnet.
 

Skaftet hovudside  Skaftform Impregnering av skaftet
Emnet Montering av bladet  Send meg eit brev 
Tilpassing av skaftet Farging av skaftet Til hovudsida