Bladet

 

Trelagsblad av Knut Dahl
                                                                              Blad smidd av Knut Dahl
 
Dei fleste som lagar kniv, kjøper knivblada sine. Slik vil det nok vere, sjølv om nokre meiner at ein ikkje kan kalle seg knivmakar før ein lagar alle deler sjølv. I skulesamanheng er dette ikkje aktuelt, sidan dei færraste skular har smie. Dessutan misser vi ein del av dei mulegheitene som ligg i det å variere mellom ulike typar blad. I bladet til Norsk Knivforening, Knivbladet, står det annonser og adresselister som viser at det er stor aktivitet i essene rundt om i landet. Men mange av dei mest erfarne smedane står ikkje der. Kanskje finn vi adressene deira gjennom artiklar, eller vi finn dei ikkje i det heile. Ofte er det slik at dei har mykje å gjere og difor ikkje treng annonsere, eller dei er opptekne med andre arbeidsoppgåver i tillegg til å smi knivblad. I alle fall er det lurt å gjere seg erfaringar med forskjellige smedar, slik at ein kan finne fram til dei ein likar best. For at det er skilnadar er det ingen tvil om. Eg skal vakte meg vel for å nemne noko om eigne erfaringar på dette området.
Vinnarblad Elverum 1997Det typiske heimesmidde bladet er vel det som ein kallar trelagsblad eller laminert blad. Denne måten å lage blad på tillet ei hardare herding enn om ein skal lage heilstålblad, fordi det mjuke stålet på sidene av eggstålet gjev tilstrekkeleg styrke. Hardt herda stål blir sprøtt, og det kan øydelegge både spissen og eggen til kniven. Spesielt spissen på ein trelagskniv er utsett for skader på grunn av at der er det gjerne berre hardt eggstål. Det er ikkje tilrådeleg å stikke kniven med stor kraft inn i hard ved. Spissen kan då knekke, og det vert ein tidkrevande jobb å setje opp att eggen. Laminerte blad vert levert mattpussa, blankpussa, polert eller  at smeden berre brukar stålbørste for å fjerne glødeskalet (såkalla villmarksblad).
 

Foto: Øystein Køhn

Ein annan måte å lage knivblad på, er å mønstersmi  (denne teknikken kallast av enkelte for Damas eller Damask). Smeden lagar då ein pakke av karbonrikt og karbonfattig stål lagt annankvar i ein stabel. Denne pakken vert smidd ut og bretta fleire gonger. Smeden kan bruke forskjellig reiskap for å få fram mønster i stålet, og til slutt skal stålet dyppast i syre. Då kjem skilnaden mellom karbonrikt og karbonfattig stål fram. Slike blad kan vere laminerte på vanleg måte med mønstersmidd stål i sidene, eller det kan vere mønstersmidd stål tvers igjennom. Dei siste er for eksempel betre til å skjere i tauverk med enn dei
er til å skjere i tre.
 Vinnarblad klasse mønstersmidd  Elverum 1997
 Mønstersmidd blad. Foto: Øystein Køhn

Knivblad kan vere svært forskjellige i storleik og form. Det er mange meiningar om kor lange blada skal vere, og det er like mange meiningar om forma. Her er det mykje snakk om personleg smak og om bruksområde. Det er sagt at di større kniv ein person har, di mindre greie har han på kniv. Ikkje veit eg, men mykje av krafta i kniven vert overført til området nær skaftet, og det kan ikkje lengda av kniven gjere noko med. Til vanleg knivbruk er det nok med eit blad på 7 - 9 cm. Dei fleste knivane eg har laga, har blad rundt 7 cm. I visse tilfelle kan det vere ok med lenger blad, f.eks til ein kniv av typen "samekniv", som dei
fleste kjenner. Dette er berre ein av dei knivtypane samane brukar, og den finst i mange storleikar, heilt opp til det som minner mest om eit lite sverd. Men dette er knivar som har eit svært breitt bruksområde, og fungerer nesten like mykje som ei slags turøks.
Slipinga av kniven har mykje å seie for brukseigenskapane. Ein kniv som skal brukast til å skjere i tre med, bør ha rett slipefas.
Den vil då vere lettare å styre enn ein kniv som er hulslipt. Ein tredje måte å slipe på, er å ha ein rund slipefas, som er grei å bruke til skjæring i kjøt. Det er mange som kan mykje om dette emnet, og i staden for å gje meg ut for noko eg ikkje er, kan eg heller gje henvisningar til artiklar om emnet for dei som ønskjer det.

 

 

Bladet Slira hovudside Til toppen av sida
Skaftet hovudside Send meg eit brev Tilbake til Hovudsida