![]() |
Arbeid med temaet KNIV i Kunst og handverk for 8. klasse ved Stryn ungdomsskule
Laga av Torbjørn Håvik
Laga for Tomas, Sigrid, Iris, Helge, Grete, Anton, Kristin, Kjetil, Kristian,
Agnete, Arild og Paul Arne
Dette er eit prosjekt som eg valde både
av eiga interesse for emnet og fordi elevane viste interesse. På
grunn av at vi berre har to veketimar vil vi ikkje få ferdig knivane
innanfor tidsfristen for denne prosjektoppgåva. Bilde av knivane
med elev- kommentarar skal etter planen leggast inn seinare, men kanskje
i ei anna form og på ei anna adresse.
Elles er dette hovudsida, og du kan sjå i tabellen at dei to største
arbeidsområda skaft og slire har fått si eiga hovudside. På
desse sidene finn du linkar til enkeltelementa innanfor kvart område.
"Lag din eigen kniv" er ikkje ei lærebok, men meir min måte
å presentere emnet på utifrå eigne erfaringar. Det vil
vere positivt å få tilbakemeldingar, slik at opplegget kan
bli betre på litt sikt. Eg håpar at elevar og lærarar
kan ha nytte av opplegget, særleg dersom det er vanskeleg å
finne egna litteratur, eller det er langt til næraste kurs i emnet.
| Kniven | Skaftet | Bladet | Slira | Linkar | Utstilling, ikkje ferdig enno |
Eg vil gjerne rette ei stor takk til forfattar og
knivmakar Knut Dahl for velvillig utlån av teikningar og bildestoff
henta frå boka Pauting, og til redaktør
Øystein Køhn i Knivbladet for at han på sparket gav
meg lov til å låne bildestoff frå nr 3/97.
Utover det har eg ikkje brukt andre kjelder enn det eg
har snappa opp her og der i løpet av dei åra eg har laga kniv.
Det må ikkje kopierast bilder eller teikningar frå denne
oppgåva utan løyve frå den som har opphavsretten til
tekst og/eller bildestoff.