EKSKURSJON

Etter å ha arbeidd oss gjennom det meste av dette temaet, vert det lagt opp til ein tur i nærområda til skulen. Denne turen vert kombinert med friluftsliv og eit lite etterarbeid i norsk.

Turen skal ta sikte på å lære oss om den lokale geologien: - landskapsformer - kva har forma landskapet ? - bergartar - kvifor har vi desse bergartane her ?
Det er tanken at vi brukar to dagar på turen. Den fyrste dagen vil vi gå ein tur til fots eller på ski. Elevane sin jobb vert då å observere og notere når kva dei finn ut om landskapet rundt seg. Dei kan og ta med fotokamera og ta bilete med tanke på etterarbeidet med turen.Elevane arbeider i grupper, desse gruppene er faste og dei får ulike oppgåver i løpet av turen.

Den andre dagen kan ein bruke til naturfag, f.eks. studere lokale vekstar, eller friluftsliv (fisking, bygging av gapahuk ol.)

Planlegging av turen:

Forarbeid:

  • Opplæring i bruk av primus/stormkjøkken
  • Hensiktsmessige klede

  • Førstehjelp
  • Kva treng vi på turen ?

  • mat
  • klede
  • utstyr
  • Kva skal elevane ha ansvaret for?

  • fordeling av arbeidsoppgåver for dei ulike gruppene (innkjøp,matlaging,rydding,oppvask osb.)
  • fornuftig pakking av ryggsekken