GEOLOGI

Eit temaarbeid for 8. klasse

Jorda er ein aktiv og levande klode. Det skjer stadig vekk noko både på overflata og nede i djupet. Læra om berggrunnen og korleis den vert forma og endra på grunn av indre og ytre krefter, kallar vi geologi. Ordet geologi vart fyrst brukt i si noverande meining av ein norsk prest, Mickel Pedersøn Escholt. Han skreiv ei bok i 1657 som han kalla "Geologica Norvegica". I denne boka nemnde han blant anna eit kraftig jordskjelv som hadde ramma Noreg 24. april same året. Boka vart oversatt til engelsk, og geologi vart etter kvart brukt for læra om berggrunnen og dei kreftene som virkar i det indre av jorda og på overflata.

Bilete frå Sunnylvsdalen


INDRE OG YTRE KREFTER

Dette undervisningsopplegget er tenkt som ei innføring i geologiens verden. Eg vil ta føre meg korleis jorda har utvikla seg fram til i dag. For å gje eit bilete av dette, må vi sjå på kreftene som rører seg både inne i jorda og på overflata. Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen for 8. klasse og dei måla som er skisserte der. Eg vil difor ikkje gå så veldig djupt inn i alt fagstoffet. For dei som er interessert i å vite meir, vil eg leggje inn ein del linkar der det kan finnast meir stoff om emnet.

Indre og ytre krefter som verkar på jorda

Desse sidene er tenkt å vere ei "lærebok" for elevar og andre interesserte, eg vil ta føre meg utviklinga i grove trekk og leggje vekt på det viktigaste. Ved slutten av kvart emne er det lagt inn ein del oppgåver som det er meininga at du som er elev skal løyse. Det er og tenkt at opplegget skal ha eit lokalt tilsnitt. Reis ut i nærmiljøet der du bor å sjå kva du kan finne ut om den lokale geologien, bergartar,landskapsformer og liknande.


Her finn du forklaringar på geologiske begrep

Ei geologisk skattekiste