Når to plater rører på seg vert det bygd opp spenningar i grensene mellom dei. Spenningane kan plutseleg verte utløyste ved at platene gjev etter for presset.Dette kjenner vi som jordskjelv. Det vert då danna jordskjelvsprekker eller forkastningar mellom platene. Vi får ulike forkastingar alt etter korleis platene røre seg i forhold til kvarandre.

Her går stillehavsplata under den eurasiske plata. I kollisjonsflata får vi store spenningar som ofte utløyser jordskjelv.Opphavsområde for jordskjelv ligg djupare etter kvart som vi kjem under den eurasiske plata. Eit skjelv kan ikkje oppstå djupare enn 700 kilometer. Kjem vi djupare ned vert massen så seig at vi får ikkje utløyst skjelvingar.
| Normalforkasting | Når den øvre blokka sklir ned i høve til forkastingsplanet (langs den flata forkastinga skjer) |
| Oppskyvning | Når blokka har bevega seg oppover i høve til forkastingsplanet. |
| Sidelengs forkasting |
Når blokkene rører seg sidelengs i høve til kvarandre |
| Horst | Ei blokk har heva seg mellom to sprekker |
| Graben | Ei blokk har senka seg mellom to sprekker. Slike nedsenka felt i jordskorpa vert og kalla riftdaler. |
| Ser vi på eit kart over Noreg der høgdekurvene er inntegna, vil vi sjå at området frå Oslofjorden og nordover lagar eit tydeleg søkk i terrenget. Dette søkket er ein riftdal som vart til i permtida for ca. 300 millionar år sidan. Då sprakk jordskorpa opp frå Mjøsa og sørover og lava strøymde langt utover eit flatt landskap. | ![]()
|
Heile dette feltet vart senka i forhold til omgjevnadane og danna det som vi i dag kallar Oslofeltet. Av ein eller annan grunn stoppa prosessen i Oslofeltet opp. Vulkanane slokna og det som kunne ha blitt eit nytt verdshav vart i staden eit særskild geologisk område på kontinentet vårt.
Det som skjedde i Oslofeltet for 300 mill. år sidan, skjer i dag i Aust-Afrika. Der sprekk det Afrikanske kontinentet opp i fleire retningar. Det som vi kjenner som Rift Valley, Adenbukta og Raudehavet kan bli eit nytt verdshav om nokre millionar år.