Fjell vert danna

Det finnast tre hovudtypar av fjell:

  • blokkforkastingsfjell

  • oppskuva fjell

  • faldefjell

  • BLOKKFORKASTINGSFJELL

    Dette er fjell som vert danna ved normalforkastingar. Eit område mellom to normalforkastingar vert pressa opp og dannar blokkfjell (horst).


    OPPSKUVA FJELL

    Oppskuva fjell er eit resultat av at jordskorpa vert pressa saman og dermed vil den løfte seg. Eksempel på slike fjell er sørlige delane av Rocky Mountains og Black Hill i dakota.


    FALDEFJELL

    Faldefjell vert danna ved at platene kolliderer.Rørsla til platene går svært seint, frå nokre millimeter og opp til 10 centimeter i året.Når to kontinentplater kolliderer vil dei bli trykte saman i kantane og den eine plata vil bli skubba opp og over den andre. Dette fører til at platene byrjar å falde seg omtrent som når nokon sklir på eit golvteppe. Til slutt vil faldingane verte pressa saman og skubba til vers. Det som tidlegar var havbotn vil bli pressa inn i faldingane og "løfta" til vers. Det er grunnen til at vi i Himalaya finn berggrunn som ein gong var havbotn.Denne havbotnen skriv seg frå det som ein gong var eit hav mellom India og Eurasiaplata.

    Falding når to kontinent kolliderer


    Alpane er i stadig vekst. Dette kjem av at Afrikaplata støytar mot Eurasiaplata. Om mange millionar år er kanskje Middelhavet vekke og Alpane har vokse seg like høge som fjella i Himalaya..