Litosfæren (jordskorpa) er bygd opp av ulike bergartar. Desse
bergartane har vorte til på ulike vis, og er bygde opp av eit
eller fleire mineral. Vi delar bergartane inn i tre hovuddelar:
- størkningsbergartar (eruptive bergartar)
- omdanna bergartar (metamorfe bergartar)
- avsetjingsbergartar (sedimentære bergartar)
| Størkningsbergartar vert danna ved at flytande magma frå det indre av jorda pressar seg opp gjennom sprekker i jordskorpa.Etter ei stund vil magmaen verte avkjølt og størkne. Dersom magmaen vert pressa heilt opp til jordoverflata, vert det danna ein vulkan. Når denne magmaen flyt ut over vert den etter kvart avkjølt og størknar, då kallar vi den lava. Lava er ein dagbergart (den har størkna oppe i dagen). | ![]() |
Omdanna bergartar er bergartar som har vorte endra på grunn av høgt trykk eller høg varme. Dei omdanna bergartane finn vi som regel i røtene av gamle fjellkjeder. Der har kontinenta braka saman og skapt eit enormt trykk som hart ført til endringar i bergartane. Dei mest vanlege bergartane frå slike område er skifer og kvarts. I nærleiken av vulkanar vert bergartane varma kraftig opp, denne oppvarminga fører og til store endringar. Vanlege bergartar i slike område er marmor (omdanna kalkstein) og gneis (omdanna granitt)

Avsetjingsbergartar vert danna på stader der det vert avsett lausmassar. Lausmassane; grus,sand og leire, er flytta på og avsette av elvar,brear,hav og vind. Bergartane vert til når lag på lag med lausmassar samlar seg opp. Dei nedste laga vert etter kvart så sterkt samanpressa at dei vert limde saman. Avsetjingsbergartane er som oftast lagdelte. Tenkjer vi oss ei elv, vil den føre med seg dei minste partiklane (leire) heilt til havs når elva er stor (som regel haust og vår). Dei litt større (sand og grus) vil leggje seg i dei rolegaste partia, medan det berre er dei store steinane som vil liggje att der elva går strid. I periodar når elva er lita (sommar og vinter)vil leirepartiklane kanskje søkkje ned ned der berre sanden og grusen legg seg når elva er stor. På denne måten vil vi få ei lagdeling i lausmassane. Når desse så vert pressa saman, vil vi få tydeleg lagdelte avsetjingsbergartar. Sandstein og kalkstein er dei mest vanlege avsetjingsbergartane.
| Urtida | Prekambrium (4600-590 miil. år sidan) |
Prekambrium er den perioden som vi seier hører til jordas urtid. I denne perioden vart det som i gologisk tyding vert kalla grunnfjell danna. Bergartar frå denne tida utgjer mesteparten av det som i dag er kontinent. Områda der desse bergartane stikk opp i dagen kallar vi for skjold. Der dei prekambriske bergartane er dekte av nyare sedimentære bergartar vert områda kalla stabile plattformer. Bergartane frå denne tida er omdanna p.g.a. varme, trykk eller væsker som har trengt inn i bergrunnen. Dei består for det meste av gneis og grønnstein. Grunnfjellet i Noreg, Sverige og Finland,det baltiske skjoldet, vart danna i urtida. |
| Oldtida | Kambrium (590-505) Ordovicium Silur |
Frå fyrste del av Oldtida som og gjerne vert kalla Kambro-silur finn vi dei fyrste fossila. I denne perioden låg heile det som i dag utgjer den skandinaviske halvøy under havoverflata. I Noreg er bergartane frå denne tida så sterkt omdanna at ein finn få spor etter levande organismar, men i det som vert kalla oslofeltet kan vi finne enkelte forsteiningar. Bergartar frå denne perioden skriv seg frå sedimentære avsetningar frå den havbotnen som då dekte landet vårt. Desse avsetjingane var fleire hundre meter tjukke. I silurtida vart desse laga utsette for eit kraftig sidetrykk. Laga vart folda og dels skovne over kvarandre. Vi fekk danna ei fjellkjede, den kaledonske fjellkjeda. På denne tida hang både Grønland, dei britiske øyane og USA saman med det baltiske skjoldet. Vi finn difor restar etter den kaledonske fjellkjeda på alle desse kontinenta. |
| Devon (408-360) | Fjella frå silur vart nedtærte, og nye sediment avsette. Vi finn spor frå denne tida i dei devonske sandsteinane i Nordfjord. | |
| Karbon (360-286) | Avsetningar av kol på Svalbard | |
| Perm (286-248) | Oslofeltet vart danna på grunn av sprekker i Jordskorpa. Heil området som i dag ligg mellom Langesund og Oslo sokk ned. På grunn av vulkansk aktivitet vart det danna størknings- og omdanna bergartar | |
| Jordas middelalder | Trias (248-213) Jura Kritt |
Store mengder sediment avsett over eldre lag. Utanfor kysten av Vestlandet, Nord-Noreg og Svalbard finn vi avsetningar som er spesielt interessante for oljeindustrien i dag. |
| Jordas nytid | Tertiær (65-2) | Den skandinaviske landmassa heva seg i vest. Fuktig klima og vassrike elvar førte til at utgravinga av dalane i på Vestlandet starta. |
| Kvartær (2-->) | I overgangene til denne perioden vart klimaet kaldare og vi fek ei ny istid. Dei gryande V-dalane på Vestlandet vart forma om til U-dalar. Det var fleire istider i løpet av denne perioden. Isen grov og forma landskapet og etter at den siste istida tok slutt for omlag 7000 år sidan,har ikkje landskapet i Noreg endra seg stort. Dei største endringane etter siste istid er at dei områda som var dekte av tjukk innlandsis (indre delar av Austlandet) har heva seg med over 200 meter. |

(Delar av illustrasjonen er lånt av: John Arne Eidsmo)
| Her kan du sjå bilete av ein god del norske bergartar |