|
|
| Stikkord:
Nasjonalkjensle
|
For
forstå nasjonalisme bør ein byrje med ei avklaring av nokre
omgrep. Dei fleste veit nok kva det vil seie å ha nasjonalkjensle.
Mange får tårer i augo når dei ser borna med det raude,
kvite og blå flagget på 17. mai. Vi kjenner stor slektskap
til andre nordmenn når vi møter dei i utlandet. Desse døma
illustrerer nok kva ordet nasjonalkjensle inneber. Vi opplever eit slags
fellesskap med dei som bur innafor Noregs grenser.
Noreg er ein nasjon. Med det meiner vi at nordmenn bur innanfor eit område og at dei styrer seg sjølv. Nordmenn har same nasjonalitet. Det vil seie at dei har same språk, skikkar, tenkjemåte og historie. Nasjon og nasjonalkjensle var ord og omgrep som oppstod i samband med den franske revolusjonen. Kvar folkegruppe skulle ha rett til eit eige område der ein kunne styre seg sjølv. At ei folkegruppe innanfor eit land skal kunne styre seg sjølv kallar vi nasjonal sjølvråderett. Denne sjølvråderetten hadde stor freistnad for tyskarane som lenge hadde vore under fransk styre. Tyskarane som budde i mange stater, samla seg i ein ny og mektig stat: Tyskland. Men nasjonalismen førte òg til at store statar som Austerrike og Tyrkia blei splitta opp i mange små statar. Her budde det mange folkegrupper som ville ha sin eigen stat. Definisjon nasjonalisme:
|