|
|
| Denne side:
Peder Christen Asbjørnsen Jørgen Moe |
Når
Noreg skulle sette igong med den kulturelle gjenreisinga etter unionsoppløysinga
med Danmark, måtte dei langt tilbake i historia for å finne
ein litteratur som var typisk norsk. Ei av greinene innanfor litteraturen
som blei særs interessante var folkeeventyra og segnene. Ingen av
desse to sjangrane fanst nedskreve nokon stad og innsamlingsarbeidet tok
til. Dei sentrale personane i dette arbeidet var Peder Christen Asbjørnsen
og Jørgen Moe.
For å få oversikta over dei eventyra som levde på folkemunne, gjekk Asbjørnsen og Moe frå gard til gard på Austlandet. Asbjørnsen og Moe skreiv ned eventyra fordi dei leitte etter den nasjonale identiteten. Det fyrste heftet med innsamla eventyr gav dei ut i 1841, frå 1843 ga dei ut fleire hefter og i 1851 kom den fullstedige utgåva som vi kjenner i dag. I tillegg til folkeeventyr ga Asbjørnsen ut huldre-eventyr og Segn. Moe samla folkeviser og gav ut fleire diktsamlingar og ei barnebok. |