diktarar
 
Johan Sebastian Welhaven
Henrik Wergeland
Camilla Collett
Henrik Ibsen
Ivar Aasen
 
Alt frå 1820 hadde mykje av norsk litteratur hatt eit nasjonalt preg, men det som hadde vore skreve var lite i samsvar med slik det verkeleg var. Særleg hadde bondesamfunnet blitt romantisert. Frå 1840 blei det viktigare å skildre det verkelege liv slik det var og hadde vore. 

Bjørnstjerne Bjørnson debuterte i 1857 med bondeforteljinga Synnøve Solbakken.I desse bondeforteljingane, skildrar han korleis bøndene verkeleg hadde det og korleis dei levde. Det bonden som er hovudpersonen og det fins ingen embetsmenn som hjleper dei gjennom problema deira. Forfattarar blei i større grad enn tidlegare opptatt av det norske folk. Bonden var ikkje lenger berre ein enkel mann. 
Bjørnson var saman med Ibsen den første profesjonelle forfattaren i Noreg. Han skreiv både drama, forteljingar og lyrikk. I1859 skreiv han "Ja, vi elsker", som blei tonsatt av fetteren Rikard Nordraak. 

Welhaven høyrde til dei forfattarane som let seg inspirere av naturen. Han skreiv dikt gjennom heile denne perioden og han såg det som si oppgåve å tolke den djupe tonen i naturen. Han skal endog ha sagt: " I fjellet bor vår kunst og poesi", og meint det bokstaveleg. 

Henrik Wergeland er ikkje ein typisk nasjonalromantikar, men han reknast likevel som den viktigste nasjonsbyggingsmannen saman med Bjørnstjerne Bjørnson.Wergeland var ikkje berre forfattar men òg historikar, historiefilosof, politikar, journalist, teolog med meir. Litterært sett kan vi seie at han var romantikar og at han skreiv så mykje at han aleine har skapt sin eigen nasjonallitteratur. Wergeland var en liberaler og stod på bøndene si side. Han førte ein kulturkamp mot Welhaven som var konservativ. Wergeland engasjerte seg sterkt då bøndene gjorde opprør mot embetsmannsstyret i Storting og regjering. Wergeland kjempa for fridom og nærmest dyrka grunnlova av 1814. Hans definisjon av nasjonalitet som eit statsrettsleg og politisk begrep viser seg i nokre av hans mest kjente stofer: "Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange. Et fedreland vi frydes ved og vi vi ere mange." 

Ei av dei få kvinnelege forfattarane vi kjenner frå denne epoken er Camilla Collet. Ho var systra til Henrik Wergeland. Ho byrja og skrive offentleg i 1840-åra. Mest kjend er ho for romanen "Amtmannens døtre". Den kom ut i 1854-55. 

Ibsen debuterte i 1850 med versedrama Catilina. Dette dramaet er historisk og hentar emne frå romersk historie. Mange meiner at han er den største forfattaren vi nokon sinne har hatt. han skreiv fleire historiske drama fram mot 1860 og er kanskje mest kjend for sitt drama om "Peer Gynt". Dette dramaet er bygd opp av rim og rytme. Det er berre Ibsen sitt tidlege forfatterskap som kjem under denne perioden. 

Utover i perioden kom det fleire forfattarar som ikkje var frå embetsmannsmiljøet. Jørgen Moe var bondeson frå Ringerike og Peter Christen Asbjørnsen var som av ein glasmeister i Oslo. Ivar Aasen var bondegut frå Sunnmøre. Han er mest kjent for landsmålet, men han skrei og poesi. Han ville at dikta han skreiv skulle syngjast og den mest kjende songen er nok, "Nordmannen", eller "mellom bakkar og berg" som dei fleste seier.