Noreg nyttar havet til olje og gassutvinning.
Her finn du meir om: Innleiing, historie, transportsystem og framtida til næringa.
| Innleiing I dag er Noreg verdas 2. største eksportør av olje, berre forbigått av Saudi Arabia. I tillegg er vi veksande innan eksport av gass, og vil om få år dekkje tredjedelen av Europa sitt forbruk av gass. Vi som veks opp no er vane med Noreg sin posisjon innan olje og gass, og vi er vane med inntektene frå desse verksemdene. Ufattelege 43% av eksportverdien av alt vi sel til utlandet, kjem frå olje, gass og verksemder knytta til desse. Samla utgjorde det 192 343 000 000 kr i 1997. Styresmaktene er varsame med å bruka alle desse pengane inne i Noreg. Dei er redde for at desse inntektene vil føra til at prisane stig (inflasjon) og at dette igjen vil føra til at vanlege folk krev høgare lønningar. Redsla er at ein løn- og prisstigning skal øydeleggje vår evne til å konkurrere med utlandet. At norske varer blir for dyre. Til saman arbeidar ca 80 000 nordmenn innan utvinning, produksjon, tilrettelegging, utvikling, sal og transport av olje og gass. For tida ser det ut som om Noreg har mest uro over kvar ein skal spare alle pengane vi tener. Slik har det ikkje alltid vore. La oss ta eit steg attende i soga og sjå korleis det heile starta. |
![]() |
Etter andre verdskrigen starta utviklinga av det moderande industisamfunnet i Noreg og dei andre industrialiserte landa. Dette førte til ein vekst i forbruk og velstand utan sidestykke i historia. Kravet om stadig nyare, raskare, større, finare og meir av absolutt alt, gjorde at landa sine ressurar blei utnytta over alle evner. Landa ynskja å sikra seg juridisk kontroll over sine nærområder, og for Noreg var det nærliggjande å sikre seg råderetten over ressursane utanfor vår eigen kyst.
Ein snakka om at det kanskje var olje i Nordsjøen, og på den tida hadde vi jo ikkje olje sjølv. Noreg var difor ein pådrivar for å klargjere kven som åtte kva. I 1963 kunngjorde Noreg sitt eigarskap over havbotnen 200 nautiske mil (ei nautisk mil = 1852 m) ut frå kysten vår. Allerie i 1966 vart det første boreholet bora og i 1969 fant oljeselskapet Phillips Petrolium det som seinare skulle bli kalla Ekofisk-feltet. Frå 1971 av og til denne dag har ein vunne ut olje frå dette feltet. Norske reiarar såg tidleg nye moglegheitar og danna eit eige reiarlag for oljeplattformar. Seinare gjekk desse reiarane samla inn i Norges Rederiforbund. Ein kallar ofte dei som eig olje og gassutvinningplattformane for offshore entreprenørar. I tillegg til reiarane tinga og oljeselskapa oljeplattformar for leiting og produksjon. Dette førte til at skipsverfta som var ramma av dårlege tider på havet, la om til byggjing av oljeplattformar. Staten kravde samstundes av dei internasjonale oljeselskapa at dei skulle byggje plattformane i Noreg. Både fordi at det ville skaffe Noreg arbeidsplasser og fordi at vi skulle få tilgang til den teknologien som selakapa sat på. Verfta og arbeidarane gjekk gylde tider i møte.
Utover 1970- og 1980-talet kom stadig nye olje- og gassplattformer i bruk, etter kvart som olje- og gassfelta vart funne og sette i produksjon. På 1990 talet blei Troll-plattforma (verdas høgaste og tyngste konsktruksjon) slept til havs for å sende gass frå Troll-feltet til Europa.
For "litle" Noreg var det ikkje lett å vinne ut olje og gass. Vi hadde berre erfaring med å frakte olje og gass på havet med tankskip. Det meste måtte byggjast opp med hjelp frå utlandet, i byrjinga særleg frå amerikanske oljeselskap. Oljeselskapa arbeidar over heile verda, og der det er pengar å tene, der kjem selskapa. Difor er eller har dei fleste av oljeselskapa i veda vore i Noreg, anten som utbyggjar, leverandør av ulike løysingar eller som operatør (drivar av eit felt). For å sikre nasjonen Noreg mest mogleg av inntektene frå olje- og gassforekomstane i Nordsjøen og Norskehavet, oppretta Noreg eit eige statsoljeselskap: Statoil. Vidare vart Saga Petrolium skipa som eit privateigd norsk oljeselskap og Norsk Hydro kasta seg og ut i konkurransen. (Staten eig 51% av Norsk Hydro) I tillegg til dette vart det oppretta nærast eit kontor korta til SDØE (Statens Direkte Økonomiske Engagement). SDØE har førsterett til å kjøpa seg inn i alle felt som vert bygde ut på norsk område. Summen av SDØE, Statoil, Norsk Hydro, Saga Perolium, reiarane, sjøfolka, oljearbeidarane ute på havet og på land, verftsarbeidarane, konsulentane og alle andre som har arbeidet knyta til verksemda, gjer at Noreg tener godt på olja og gassen. Vidare tener staten gode pengar på skatter og avgifter av oljeselskapa si forteneste på produksjonen.
Det kom etterkvart reglar for det meste i Nordsjøen. Sjølvsagt skulle norske reglar og forskrifter gjelda. Både for tryggleik, likestilling og arbeidstilhøve. (Td faglege rettar) Etter ei tid blei dette godtteke av oljeselskapa og etter endå ei tid av arbeidarane ute på plattformane. Dei første amerikanarane var ofte oljearbeidarar frå Texas. Ein kan trygt seie at dei representerte ein annan kultur ein småbøndene frå Hjelmeland i Rogaland som kom ut på havet for å ei ekstrainntekt. Av alle reglar og forskrifter innan dette området, tykkjer eg at reglane for namn på felta er i ein klasse for seg sjølv. Styresmaktene stiller krav til kva felta kan heite. Felta skal ha eit norsk namn, helst frå norrøn mytologi eller frå norsk folkehistorie. Difor har felta namn som: "Ormen Lange", "Frigg", "Frøya", "Troll" osv.
| Transportsystem. Oversynet viser korleis vi i dag transporterer olje og gass. I tillegg syner kartet korleis ein tenkjer seg at ein kan utvide systema. Dersom du vil undersøkje nokre av stadane eller plattformane nærare, finn du lenker til : |
![]() |
Alt tyder på at Noreg vil vere ein stor oljeeksportør ein 30 år til og kanskje ein stor gasseksportør i 70 - 100 år frametter. Men så snøgt som utviklinga går i dag, kan markedet, prisane, miljøkrava, moglegheitane, ja jamvel den politiske viljen til å vinne ut olje og gass, endre seg dramatisk. Det er ei stigande forståing for at jorda vi alle bur på, ganske enkelt tek skade av for mange inngrep frå oss mennesker. Oljeselskapa, korkje norske eller utanlandske, har ikkje vore av dei flinkaste til å tilpasse seg dei nye miljøkrava. Så lenge det er oss som forbrukarar oljeselskapa må selje til, kan vi påvirke dei i rett retning. Eit godt døme på dette var då Shell blei pressa til å ikkje dumpe ei plattform i havet. Paradokset er at uansett kor miljøvennlege oljeselskapa blir, så lever dei av å selje noko av det som ureiar jorda vor mest. Kanskje ligg dirfor den største faren for næringa i det som kan redda miljøet på jorda, billig energi som ikkje ureinar.