Noreg nyttar havet til fiske og oppdrett.

Emnet er delt opp i bakgrunn, tradisjonelt fiskeområde, tradisjonelt fiske, oppdrett og framtida.

 

Bakgrunn. Nordmenn har alltid fiska i havet. Metodane og reiskapane har endra seg opp gjennom soga. Ein har nytta snøre, line, fiskestong, garn, ulike nøter (td. landnot og snurpenot), ruser, trålar, åter og lokkesignal. Fisket foregår frå land, i frå stor eller liten båt, inne i fjordane, ute med kysten og langt til havs. Stundom fiskar ein i andre verdsdelar. Vi fiskar alle slag fiskar: torsk, sei, hyse, lyr, makrell, alle typar flyndrer, tobis, uer, sild, brisling, brosme, laks, aure, lange og blålange, kolmule med meir. Internasjonalt vert Noreg rekna som verdas 6. største fiskerinasjon.

 

Også fiskeriene har vore gjennom mange og harde omstillingar. Overgangen frå årer og vind til motorar var nok den hardaste. Frå 1910 av gjorde motorane sitt inntok i fiskeflåten. Ein måtte til langt ut på 1930-talet før alle store fiskebåtar hadde motor. Men alle viste at seglskutene sine dagar i fiskeriene gjekk mot slutten frå første gong dei såg ein motordriven fiskebåt.

Ut på 1930-talet fekk fiskarane stønad frå staten for å kjøpe moderande båtar, særleg kom denne hjelpa fiskarane i Nord-Noreg til gode. Statsminister Nygaardsvold er for alltid knytta til denne perioden. Overgangen førte til at ein ikkje lenger trengde så mange båtar, ei heller så mange fiskarar. Denne utviklinga har fortsett til og med vore dagar. Større båtar, større lagringskapasitet på båtane, betre reisakp og meir effektive måtar å finna fisken på. Alt dette gjer at det i dag ikkje trengs tidelen så mange fiskarar som for 100 år sidan. Så effektive er fiskarane i dag at utan regulering av fiskefangstane, ville dei kunne fiske havet tomt.

På mange vis ligg endringane på 30-talet til grunn for den ordninga fiskarne har i dag. Råfiskarloven danna grunnlaget for at fiskarane viste kva dei ville få for fangsten sin. Etter at denne lova tredde i kraft, fekk fiskarane vere med å forhandle om pris. Etter kvart blei havforskarar og marinbiologar ein viktig del av fiskerinæringa. Fiskarane var først lite glade for at nokre universitetsfolk som "aldri hadde lukta ein fisk" skulle avgjer kor mykkje, dels kvar og når dei kunne fiske. Men då havet vart tømt for sild på 1960 talet og torsk, makrell, brisling og tobis var i fritt fall, då såg ein nytta. I dag kranglar og klagar ein sjølvsagt over at akkurat MIN båt får for liten kvote, men prinsippet om at det skal ligge eit planlagt uttak til grunn for fangstane, det er alle eininge om. Noreg sin måte å forvalte ressursane i havet på har vist seg effektiv.

Vi har etterkvart fått gjennomslag for mange av prinsippa for forvalting i internasjonale avtalar. Vi har og fått til eit godt samarbeid med Russland om fiskekvoter, bygd på felles vitenskapelege målingar av ressursgrunnlaget. Målet for båe landa har sjølvsagt vore å kunne hente ut mest mogleg fisk i år, og like mykje neste år. Kvotane har likefullt vore nøydd til å varriere. Delvis fordi at bestandane svingar, delvis fordi forskarane har teke feil, delvis av politiske årsakar. Noreg har og fiskeavtalar bygd på same prinsippa med Island, Grønnland, Færøyane og EU.

Øvst på sida

Tilbake til første side

 

Tradisjonelt fiskeområde. Oversynet viser kvar Noreg har sine tradisjonelle fiskeplassar her i nord. Innan for området A, har vi vår eigen økonomiske sone. Her er Noreg suveren, ingen andre land har rettar utan at vi har godkjent det. Unnataket er grensa i Nordaust-aust, mot Russland. Der er vi ikkje einige med russarane om kven som eig kva. Innanfor dette området A fiskar dei fleste av våre båtar og her ligg og alle vore olje og gass resserver. Område D, vernesonen på Svalbard. Her har alle land som underteikna Svalbardtraktaten rettar. I tillegg er sjølve vernesonen omstridd, og grensene mot nordvest, nord og nordaust er gjenstand for forhandlingar. Området er viktig for norske fiskarar og for staten, med omsyn til miljø og moglege olje og gassforekomstar. Område E har og grenser som er til forhandling, særleg mot Nordvest. Områda I internasjonale, og det er avtalar om kven som kan fiske kor mykje der. Område K er ikkje avklart, det er gjenstand for fastlåste forhandlingar mellom Noreg og Russland. Innanfor dei andre områda har stort sett dei næraste landa råderetten. Vi fiskar noko i desse områda og, dels etter gamle avtalar, dels etter nye. Det same gjeld for andre land i vore områder.

Noreg fiskar og noko utanfor Canada, Sør Amerika, Sørlege Afrika, Australia og i antarktis.

Øvst på sida

Tilbake til første side

Tradisjonellt fiske.

Med tradisjonellt fiske forstår ein som fiske etter villfisk.

Største delen av Noreg sitt fiske foregår i Noreg sin økonomiske sone, 200 nautiske mil ut frå norskekysten. I tillegg fiskar vi i hovudsak i områda som er synt på kartet. I 1997 fiska nordmenn opp eit fangstvolum på 3 millionar tonn. Det er det høgaste sidan 1977. Av dette var 315 000 tonn oppdrettsfisk, hovudsakleg laks. Verdien av eksporten av sjømat var på 27,9 milliarder kroner i 1998. Av dette var ca 7,6 milliarder frå oppdrettsnæringa. I sum gjer dette fiskerier til den andre viktigaste eksportnæringa for Noreg.

Vestlandsfylka Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland har den største flåten av store havgåande trålarar og fabrikkskip. Desse fiskar året rundt, etter ulike fiskeslag og etter kvar fisken er. Nord-Noreg har i større grad basert seg på kystfiske, og treng difor ikkje så store båtar. Fisket i nord har og eit langt sterkare preg av sesongarbeid. Her er torsken det viktigaste fiskeslaget.

Sørlandsfylka har alltid fiska mykje sild og makrell i nordsjøområd og Skargerak. Eigersund i Rogaland fylke er landet si største fiskerihamn. Hamna er strategisk plassert mellom ressursane i havet og marknaden på kontinentet. Eigersund har og fabrikkar for vidareforedling av fisken. Byen er mest kjend for sine sildeoljefabrikkar. Fisken er ikkje berre menneskeføde. Særleg sild og tobis vert nytta til olje eller mjøl. Sidan vert det mykje produsert dyrefor av desse produkta.

Øvst på sida

Tilbake til første side

Oppdrett.

Bakgrunn. I Noreg driv vi hovudsakleg oppdrett av ulike fiskeslag. Laks og ørret er der vanlegaste. Ein har og prøvd seg på oppdrett av fisk som:sjørøye, kveite, blåkveite, torsk og ål. I dei siste åra har ein gjodt forsøk med oppdrett av ulike typar skjell. Desse forsøka er i startfasen, men virkar lovande. Bilde syner mærer, flytedammar.

Oppdrett av fisk.

Allerie i 1910 gjorde ein dei første forsøka på oppdrett av matfisk i Noreg, førsøka var med oppdrett av regnbuørret i ferskvatn. Ein hadde sett at danskane og andre i Europa lykkast med sin oppdrett. I Asia hadde dei dreve med oppdrett i tusenvis av år. Likevel var ikkje dein norske forsøka vellukka. I 1912 prøvde ein på oppdrett i saltvatn, heller ikkje det lønte seg. Resultatet var at oppdrettsnæringa i Noreg fekk ein pause til rundt 1955. Då prøvde ein på fleirestader på Vestlandet med oppdrett. Nokre av dei første oppdrettarane var drivande gode til å snakke for seg, ja dei dreiv nærarst propaganda for sin ide.

Det synte seg snart at temperaturane i ferskvatn ikkje gjorde oppdrett av regnbuørret lønsamt. Temperaturane i saltvatn derimot var perfekte for oppdrett av større fisk. I starten var det oppdrett av regnbuørret som dominerte. Men snart såg ein moglegheitane for laks. I dag er laks det viktigaste fiskeslaget for oppdrett i Noreg. Verdien av eksport av oppdrettsfisk var i 1997 ca 7,6 milliarder kroner.

Oppdrettsnæringa er i dag ei næring prega av sjølvtillit og vekst. Næringa er organiset i Fiskeoppdrettararne si salsforeining. Optimismen gjer seg utslag i nybråttsarbeid innan forskning både på nye artar og finpussing av den teknologien som ligg bak det norske oppdrettseventyret. Oppdrettsnæringa har hatt ein fin vekst i antal sysselsette. Dette har vore ei velsigning for busetjinga langs kysten vår. Det arbeidar no over 5000 menneske direkte innan oppdrett. Ut over dette talet kjem ringverkandar i lokalsamfunnet og næringsliv elles.

Oppdrett av fisk kan delast i 3, klekkeri, settefiskoppdrett og matfiskoppdret.

Klekkeri. Ved eit klekkeri produserer ein levande yngel (småfisk) frå fiskerogn. Klekkeria tek rogn frå bedøva hofisk og blandar den med melke frå ein bedøva hanfisk. Etter at egga er klekte, veks dei i klekkeriet til dei kan til til seg for. Så vert dei selde som yngel til eit settefiskanlegg.

Settefiskoppdrett. Vanlegvis vert settefisk, altså fisk som har nådd ein storleik som gjer at dei kan ta til seg for, oppdretta intensivt. Det vil seie at dei veks opp i plastkar eller i andre kunstige omgjevnadar. Her kan oppdrettaren lett kontrollera temperatur, straum, oksigeninnhald, matinntak, vannsirkulasjon, antal daude mm. Dette gjer at produksjonen blir svært effektiv, men den krev og ein del arbeid og investringar. Vanlegvis ligg desse anlegga på land.

Ein kan og drive oppdrett av settefisk i naturdammar. Naturdammar er store, vanlegvis kunstig laga, grunne dammar kor ein set yngelen ut om våren. Fisken veks oppe i dammen utan noko særleg tilsyn. Fisken et smådyr som ein produserer i dammen samstudes. Dette gjer at produksjon i naturdammar krev svært lite arbeid, er billig, krev liten teknologi og er lett å få til. Diverre er ikkje slike anlegg like effektive som intensiv oppdrett på grunn av mindre kontroll. Antal daude kjem opp i heile 50-70% av dei som vart sette ut om våren.

Felles for oppdrettarane av settefisk er at dei sel produkta sine, den ferdige settefisken, til oppdrettarar som røktar fisken vidare til ferdig matfisk. Ofte har nokre oppdrettarar spesialisert seg på oppdrett av settefisk, og lever av å selje vidare. Medan store oppdrettarar brukar å ha eigne anlegg for settefiskoppdrett. Etter den første tida innan oppdrett blei det vanleg at mange oppdrettarar gjekk saman til lag eller salsfirma. Slike samanslutningar har eigne settefiskanlegg og klekkerier.

Matfiskoppdrett. I desse anlegga vert settefisken fora opp intensivt. Anlegga ligg vanlegvis i sjøen, berre få driv med oppdrett i dammar på land. No dominerer mærer (dammar av nett) som oppdrettsanlegg. Det var oppdrettarar på Hitra som starta med denne metoden. Desse mærene har etterkvart blitt eit kjent syn langs kysten vår, heil frå SørAustlandet til Ein slaktar fisken når den er frå 3 - 10 kg. Oppdrettarane leverer fisken til slakterier, som slakter og pakker fisken for direkte eksport eller vidarehandsaming og deretter sal i Noreg eller i utlandet.

Øvst på sida

Tilbake til første side

Oppdrett av skjell.

Denne næringa er i startfasen. Potensialet er enormt. Eit av dei firma som har kome lengst innan området er Hydro Seafood Rogaland. Dei har anlegg i Lysefjorden i Forsand kommune. Anlegget er på 40 mål, og dei produserer blåskjell. For å illustrera havet sitt enorme vekstpotensial: dei 40 måla av ein fjord på 42 km vil produsera meir mat enn alle bøndene i Forsand kommune.

Markanden i Europa synest og lovande. Naboane våre har andre mattradisjonar og matvanar enn vi, og skjell står på menyen i mange land ute. Særleg ser Frankrike ut til å vere ein stor marknad.

 

Framtida til næringa

Fiskeriene svingar i takt med tilgangen på ressursar og prisar på verdsmarknaden. I lengre tid har ein og våre uroa over sviktande rekruttering til fiskaryrket. Det ser ut til at rekrutteringa har betra seg noka og optimismen er på veg attende. Prisane på fisk og fiskeprodukt har og fått eit fint oppsving. Særleg etter at media fokuserte på sjukdommar i samband med storfekjøt. Sidan vi i dag sel mest rund fisk (slakta og forsen) ligg det store moglegheiter for forteneste om ein kan handsama fisken vidare i Noreg og så selje den. Kanskje kunne ein tredoble verdien av fiskeeksporten. Det foregår og spanande forsøk med oppdrett av andre fiskeslag og andre typar sjømat enn laks og ørret. Kveite, kamskjell, blåskjell og albogeskjell opnar for nye moglegheiter. Ein har og gjordt forsøk med foring av villfisk og med utsetjing av villfik. Så langt berre i mindre målestokk.

Truleg vil utfordringa for næringa vere ein bærekraftig utvikling i nært samband til vitenskaplege og miljøvennlege krefter. For å pleie ressursane i havet må ein ta vare på havet. Dei mørkaste skyene på himmelen for fiskeriene er dei vi ikkje ser, dei radioaktive frå England og Russland.

Øvst på sida

Tilbake til første side