Etter at det på 900-talet tok til å verte lite jord å ta på Island, reiste folk lenger vest og bosette seg på Grønland. Den første som gjorde det, var Eirik Raude. Han hadde rømt frå Norge fordi han var innblanda i ei drapssak. Klimaet på Grønland var betre enn det er no, men det var ikkje mogleg å dyrke korn der.

Nordboarane kom ôg til eit land lenger vest, og det må ha vore austkysten av Nord-Amerika. Eit skip kom ut av kurs og oppdaga det nye landet. Leiv Erikson, som av Eirik Raude, fekk høyre om landet i vest og segla for å finne det. Det skal ha vore i år 1100. Leiv Erikson kalla landet Vinland. Det gamalnorske ordet "vin" tyder slette. Nordmennene ville gjerne bosette seg der, men dei måtte gi opp fordi dei vart angripne av dei som budde der frå før.