
Frå Noreg og Danmark gjekk dei fleste vikingferdene mot vest, i vesterveg, som det vart kalla. Mange vikingar bosette seg på øyane mellom Noreg og Storbritannia, og i Skottland, England, Wales og Irland. Der oppstod det eigne vikingrike. Størst var Danelagen, det danske lovområdet, i Søraust-England.