Soga om Olav Trygvason fortel at han var soneson til Harald Hårfagre. Han skal ha vore den sterkaste av alle kongane og den fremste idrettsmannen i landet. Olav var ein dyktig bogeskyttar, og det vert fortalt at han gjekk utanbords på årane medan mennene rodde skipet hans, Ormen Lange. Olav Trygvason var blid, veltalande og svært godt likt av vennane sine. Mot motstandarane var han derimot hard, og han nytta sverdet mot dei som ikkje gjorde som han ville.

18 år gamal drog Olav i viking. Då han kom tilbake til Noreg hadde han med seg store rikdomar som han hadde røva til seg i utlandet. Sidan han var av kongsætt og ein dyktig krigar, vart han valgt til konge. Det skjedde i 995.

Olav hadde som far sin vorte kjend med kristendomen i England og hadde lete seg døype. Han trua alle i landet til å la seg døype, men bøndene fortsette å tru på dei gamle gudane. Dei heldt blot, men passa på at kongen ikkje fekk vite det.

I fem år var Olav den einaste kongen i landet. men i år 1000 vart han drepen i eit slag mot danskekongen, Svein Tjugeskjegg, og svenskekongen Olav. Hærane møttest ved Svolder. Sidan Svolder er eit stadsnamn som ikkje finst i dag, er forskarane usamde om det låg i Øresund eller i Østersjøen langt sør på Danskekysten. Snorre fortel at slaget var hardt og at mange vart drepne. I byrjinga klarte Olav og mennene hans seg bra i kampen. Ein av mennene til Olav stod ved masta på skipet Ormen Lange og skaut med pil og boge mot Eirik jarl på eit av fiendeskipa. Han heldt fleire gongar på å treffe jarlen. Snorre fortel:

Då sa jarlen til ein mann: "Skyt den store mannen ved masta, du." Mannen skaut, og pila traff Einar sin boge på midten. Einar spente bogen for tredje gong, slik at den brast i to. Då sa kong Olav: "Kva brast så høgt?" Einar svara: "Noreg av di hand, konge." "Det var vel ikkje så stor brist," sa kongen, "ta min boge og skyt med den", og så kasta han bogen sin til han. Einar tok bogen, drog den straks ut forbi odden på pila og sa: "For veik, for veik er kongen sin boge!" Så slengde han bogen tilbake og tok skjoldet og sverdet og kjempa.

Nokre seier at Olav drukna i dette slaget ved Svolder, medan andre seier han klarte å kome seg unna. Dette veit vi ikkje noko sikkert om, men Olav Trygvason kom aldri tilbake til Noreg.