
Vi veit mykje om dei første norske kongane. Det kan vi takke islendingen Snorre Sturlason for. Han skreiv om livet i Vikingtida, om kongane og om andre mektige kvinner og menn i Noreg og på Island. Snorre samla så mane forteljingar at han måtte skrive fleire bøker. Ei av bøkene heiter Heimskringla - etter dei første orda i boka "Kringla heimsins" som tyder "verdas krets". Her fortel Snorre om dei norske kongane frå Halvdan Svarte og fram til år 1177. Det er nok ikkje alt som står i boka som er heilt sant. Både Snorre og dei som fortalde, overdreiv mykje. Likevel er Heimskringla den viktigaste skriftlege kjelda til korleis Noreg vart styrt i Vikingtida.
Dette verset er henta frå Håvamål, ei samling av visdomsord frå vikingtida. Håvåmal vart skrive ned på gamalnorsk som var språket dei snakka i Norden i vikingtida.
Oversett til moderne norsk:
"Eld treng han
som inn er komen,
og er kald om kne;
mat og klede
kan mannen trenge,
som kjem frå ferd over fjell.
Noko av det eldste som er skrive om landet her nord, vart skrive i England. Då Harald Hårfagre var konge i Noreg, reiste Ottar, ein mektig høvding og handelsmann frå Hålogaland, til England. Ottar kom i tjeneste hos kong Alfred, og kongen skreiv ned noko av det Ottar fortalde:
"Ottar budde lengst nord av alle nordmenn, på nordkanten av landet ved Vesthavet. Landet strakte seg meget langt nordenfor der hvor han selv bodde, men det var helt øde - bortsett fra noen få steder hvor finner holdt til for å jage om vinteren og for å fiske i sjøen om sommeren."
Her kan du lese meir om: