Folk frå Noreg slo seg også ned på Island. Ingolv Arnesson frå Sunnfjord måtte røme frå Norge kring år 900. Han skal ha vore den første norske nybyggaren, landnåmsmannen, på Island. Då hadde nordboarane kjent til øya lenge. Berre 50 år seinare budde 30 000 menneske på Island.

Nokre rømde til Island for å sleppe straff i Norge, medan andre reiste for å skaffe seg ein eigen gard. Atter andre reiste for å sleppe å bøye seg for ein sterk konge i Norge. På Island hadde dei ikkje nokon felles konge, men mange høvdingar som kvar styrte sine område. Alltinget bestemte lovene i landet, og dei fremste høvdingane møttes på Alltinget ein gong i året. Lovsigemannen måtte kunne alle lovene utenat, og han var den fremste av høvdingane på Alltinget.