Harald Hårfagre vert rekna som den første kongen som styrte over heile Noreg. Forskarane er usikre på kor stor makt Harald hadde, og kor stort område han eigentleg styrte over. Nokre meiner at samstundes som Harald var konge, var eit stort område i Nord-Noreg styrt av høvdingar som ikkje hadde underkasta seg Harald.

Før Harald Hårfagre var landet delt i fleire småriker, fylker som hadde kvar sin høvding eller konge. Harald møtte stor motstand då han prøvde å ta makta. Det var særskilt småkongane og høvdingane på Vestlandet han måtte kjempe mot. Kampane enda med eit avgjerande slag ved Hafrsfjord (Stavanger). Etter dette slaget var store delar av Vestlandet og Sørlandet samla under ein konge. Vi veit ikkje sikkert kvar ætta til Harald heldt til. Nokre meiner at det var i Vestfold, andre meiner det var på Hadeland og Ringerike. Hårfagreætta var rik og mektig, og eigde store område i landetl. Sidan Harald no hadde fått makt over mange høvdingar i Noreg, sikra han seg at varene kunne kome trygt fram kring heile kysten, heilt til det som no heiter Finnmark og til Russland.

 

Slik var landet inndelt i fylker før Harald Hårfagre kom til makta. Klikk på biletet for å få det større.

© Kari Vårhus Sagen, Universitetsforlaget 1998