I åra etter Olav Trygvason var Noreg utan ein felles konge, og det var mykje ufred i landet. Så kom ein ny Olav som og var frå Hårfagreætta. Olav drog i viking allereie som 12-åring, og i år 1015 kom han tilbake til Noreg etter mange år i utlandet. Han hadde to mål: å verte den einaste kongen i landet og å få folk til å godta kristendomen. Olav var ein dyktig krigar, og den eine høvdingen etter den andre godtok han som konge. Samstundes tvang han folk til å gå over til kristendomen. Han for hardt fram, og det førte til slutt til at Olav måtte rømme frå landet. Danskekongen Knut den mektige tok over makta i Noreg og sette Håkon jarl til å styre for seg. Håkon jarl drukna berre kort tid etter dette, og då Olav høyrde dette samla han ein hær og drog tilbake til Noreg for å vinne attende makta. Bønder og høvdingar samla ôg ein hær og 29. juli 1030 møttes dei i slaget på Stiklestad. Kampen enda med at Olav vart drepen, og danskekongen fekk nok ein gong herredøme over Noreg.

Det gjekk eit år etter slaget på Stiklestad. Det var dårlege tider og folk hadde lite mat. Kongen ga harde lover og krevde mykje skatt. Mange angra på at dei hadde gått imot Olav, og folk tok til å tenkje på han som ein heilag mann. Det vart fortalt underlege historier om ting som skjedde med Olav sitt lik. Etter slaget på Stiklestad hadde liket til Olav vorte lagt inn i eit skur. Ein blind mann hadde gått inn dit om natta, gnika seg i augene med Olav sitt blod slik at han fekk att synet. Bonden på Stiklestad tok med seg liket og gravla det ved Nidaros. Året etter vart liket gravd opp og då hadde neglar, hår og skjegg grodd. Folk meinte at det hadde skjedd eit under, og Olav fekk tilnamnet "den heilage". Seinare reiste mange pilegrimar til Nidaros for å få hjelp og trøst av Olav den heilage. Det vart reist ei praktfull kyrkje i Nidaros til ære for Olav, og etter sin død greidde han det han ikkje greidde medan han levde: å samle Noreg til eit rike og å få nordmennene til å vende om til kristendomen.

OLSOK: 29.juli kallar vi olsok. Den dagen feirar vi til minne om Olav den heilage.