Dei svenske vikingane reiste for det meste i austerveg, mot aust. Reiserutene deira gjekk over Østersjøen, inn i Finskebukta og vidare langs dei store elvane mot Svartehavet og Det kaspiske hav. Desse rutene var handelsruter som også kryssa andre handelsvegar som kom frå Arabia, Persia og Asia. Dei svenske vikingane slo seg ned langs elvane og grunnla handelsstadar. Det svenske riket vart kalla Gardarike.