Veke 36, elevark 

 

Bær og sopp 

 
 

Det finst meir bær og sopp i Noreg enn i dei fleste andre land i Europa. Vi kan nesten seie at skogen er eit spiskammer. Vi bør nok vere flinkare til å vare på den maten vi kan finne i skog og mark. Det er sunn og gratis mat som smaker godt. Dessutan har vi godt av å kome oss ut i naturen og få røre på kroppen, samtidig med at det er kjekt å plukke bær og sopp.
Men du må vere heilt sikker på kva det er du skal samle og ete. Er du i tvil om noko, er det lurt å spørje ein som kan meir enn deg. Det er nok ein god regel at du held deg til bær og soppsortar som du kjenner godt, særleg når du er ute på eiga hand utan vaksne med.
Du kan plukke bær og sopp overalt der det er utmark, d.v.s. område som ligg utafor ein inngjerda eigendom.
Sjå på:
http://www.dep.no/md/publ/redgjor/kap11.htm#Heading109
 
 


 
 

Bær 

 
 

Hausten er bærtid . Grunnen til det er at bærplantane nyttar den lange , varme sommaren til å utvikle eller lage bæra.Bæra må jo vere modne før snøen kjem. Dei plantane som ikkje greier å få bæra ferdig på den tida, kan ikkje vekse her hjå oss, men berre i dei strøka som har lengre og varmare sommar enn oss. Dei fleste bæra blir øydelagde av frost, fordi saftcellene sprekk når dei frys. Safta renn då ut av cellene og bæret blir bløtt og vassent.

Du kan lese om dei ulike bærsortane i læreboka di. Oppe på biblioteket er det også fleire fine bøker om bær.
På internett kan du sjå bilete av og  lese om ein del av bærsortane.
Klikk på den bærsorten du vil lese om:
 
BLÅ
BÆR
TYTE
BÆR
MARK
JORDBÆR
BRINGE
BÆR
 

Framme ved tavla heng bilete av dei bærsortane vi skal prøve å finne i Kvia. Som de vil sjå er det blåbær,skinntryte, krekling, tyttebær, skrubbær,bringebær og markjordbær. Vi har tidlegare snakka om kva bærsortar som det er vanleg å plukke, som er gode å ete og som vi brukar å lage syltety av. No skal du samanlikne både smak og utsjånad.

 
 
Alf Prøysen syng i ei av visene sine om å træ jordbær på eit strå, og dei fleste av dykk har sikkert trædd jordbær på strå mange gongar.  
OPPSKRIFT 
PÅ PANNEKAKER
 
 Dersom du vil prøve deg på ei anna oppskrift, kan du sjå på :
 
http://www.vg.no/vg/95/mat/0818blaa.html
Http://www.stud.ntnu.no/studorg/tssg/tssgnytt/3-97.html#53768
 
 

 
 
Sopp 
Det finst meir enn 100000 ulike soppartar i Noreg. Sopp er bygd opp som eit nettverk av trådar som kan bli svært lange. Nede i jorda lever det sopp som bryt ned daude plantar og dyr. Dei blir byggjemateriale for nye plantar. Dei soppane (hattane) som vi ser på bakken, har også vakse opp av slike trådar. Sopp er ikkje plantar sjølv om dei veks på bakken. Soppen manglar det grønne klorofyllet som vi har lært at plantane har. Derfor kan dei ikkje lage næring slik som plantane gjer.
Det finst både matsoppar og giftige soppar, så det er viktig at du veit mykje om sopp før du går på sopptur på eiga hand. Og hugs, vi et berre dei soppane vi er heilt sikre på.

Ein del matsoppar kan forvekslast med giftige soppar , men det er klare skilnadar på dei.
Sjå desse bileta på internett på
 
GRØNN-
KREMLE
GRØNN
FLUESOPP

 
STUBBESKJELL-
SOPP
FLATKLOKKE-
HATT
Les meir om dette på :
Http://stavanger-aftenblad.no/nyheter/nytt/1997/0926/085009.html

Vi skal ikkje la denne informasjonen skremme oss frå å plukke sopp, men heller gå inn for å lære nokre gode soppartar skikkeleg, slik at vi trygt kan plukke dei.
 

Dei soppane vi kan ete, kan vi dele opp slik:
 
Skivesopp (der sporane vert produsert på skiver eller ribber på undersida av hatten ).
Rørsopp, eller poresopp (der sporane vert produsert inne i rør eller porer på undersida av hatten ).
Piggsopp (der sporane vert produsert på piggar som heng under hatten ).
Røyksopp (der sporane vert produsert inne i sjølve fruktlekamen og ikkje på undersida som i dei andre gruppene).
 

Det finst både spiselege og giftige soppar i skogen rundt oss også.  Eg har hengt opp bilete av dei soppane som eg veit veks her omkring. Vi skal studere og prøve å finne alle desse sortane, men først og fremst konsentrere oss om å bli godt kjent med tre gode matsoppar slik at vi  kan dei. Når vi skal ut, skal de få med bilete av desse soppartane slik at de veit kva de skal leite etter (kantarell, lys piggsopp og matriske).

Anders skal vere med oss på sopp-tur torsdag. Han kan mykje om sopp og er ein ivrig soppsankar sjølv. Han vil vise oss kva som er spiselege soppar og fortelje kva dei ulike soppane heiter. Dersom du finn sopp, kan du spørje Anders om det er matsopp som du skal plukke.