|
VIKINGANE |
| Linksteder
med opplysing
om vikingar: *Kart over riker i vikingetida. *Buplassar. *Vikingskip. *Bilete av vikingeskip og funn. *På togt med vikingerne. Andre linkstader:
|
Noko som vi har felles frå fortida,
er vikingane. Kva ordet kjem av, er omdiskutert. Men
kjelder vil ha det til at det tyder "ein som kjemper til sjøs".
Vikingtida reknar vi frå ca. 800-1050 e.Kr. Vikingane var kjent som
fredelege handelsmenn gjennom fleire hundre år i nordVest-Europa.
Dei handla med seg , krydder, klede, våpen, silke, tinn, sølv
o.a.
Mot slutten av 700-tallet forandra dei fredelege handelsseilasane seg til å bli reine plyndringstokter. Vikingane begynte å angripe, brenne og plyndre byar, kloster og område langs kysten. Det er fleire teoriar om kvifor dei starta med plyndringane. I pensumbøkene har det vore hevda sidan 1930-tallet, at det var på grunn av overbefolkning. Seinare er denne teorien blitt supplert med at årsaka også var den trongen dei hadde til oppdaging og eventyrlyst. Store framskritt i skipsbygginga var og ein grunn. Vikingane dreiv utstrekt utvandring. Dette kan vere på
grunn av overbefolkning kombinert med at det var for liten plass til så
mange "småkongar" som ikkje gjekk godt i saman. Men som nemnt tidlegare,
må ein ikkje gløyme utferdstrongen deira. På 900-talet
slo fleire seg ned i andre land. Røvarane vart nå erobrarar. I eldre tid rodde dei båtane i nordiske farvatn.
Desse båtane fann dei ut var for store og tunge om dei måtte
flykre, På 700-tallet tok Norden i bruk segl, slik at dei fekk kome
overraskande til framande kystar. Sidan skipa stakk så grunt, kunne
dei gå i land kvar dei ville.
Eik var eit vanleg byggjemateriale til skipa. Av anna materiale dei trong, kan vi nemne spiker og klinknaglar. Det kan nemnast at ti det norske Osebergskipet, blei det brukt omkring 5500 spiker og klinknagler som utgjer ca. 25 kg jern. Skipa hadde ikkje rom for mannskapet, men på dei større skipa, blei det slått opp telt akter og forut i skipet når det låg i hamn .Det seies at i Gokstadskipet er det bare funnet teltutstyr som var berekna for å bli slått opp på land og senger med drakehovud, men desse sengene var nok ikkje berekna på mannskapet. Mannskapet måtte nok nøye seg med ein "sovepose" for to mann, sydd samen av to skinn, lik den som ble funne i Gokstadskipet. Om bord hadde kvar mann si skipskiste der han oppbevarte eigendelane sine. Når dei rodde skipet, blei skipskista brukt som sitjeplass. Vikingane sloss for det meste med sverd, øks og
spyd. Dei hadde også hjelmar av jern og malte treskjold med jernbeslag.
|