Om H.C.Andersen. 
*Meir om H.C.Andersen 
 Piken med  
 svovelstikkene. 
*Fleire eventyr av  
  H.C.Andersen. 
 

*Nordisk elevsamarbeid 
  kvifor og korleis. 
*Bjerkreim
*Turistkart over  
  Bjerkreim 
*Norgeskart
*Bilete frå Bjerkreim. 
*Om norske  
  folkeeventyr 
*Askeladden som  
  kappåt med trollet. 
*Fleire norske folkeeventyr 
*Jelling, kart.  
*Litt historikk om Jelling 
*Vikingane 
 

  
  

  Andre linkstader: 
* Meir om eventyr. 
*Meir om Bjerkreim 
*Kart over riker i 
  vikingetida. 
*Buplassar
*Vikingskip. 
*Bilete av vikingeskip og funn. 
*På togt med vikingerne.  
  
 
 
 
 Tibake til norsk førsteside 

Når det gjeld folkeeventyr, kan vi ikkje snakke om forfattarar. Der er det forskjellige personar som har fortalt dei same eventyra på sin måte. Vi kan finne dei samme eventyra igjen over heile verda, men dei har fått ulik utforming i kvar sin kultur.  
I forrige århundre derimot, dukka det opp forfattarar som fann opp sine eigne eventyr og skreiv dei ned. Desse forteljingane kallar vi kunsteventyr. Den mest kjende eventyrdiktaren er dansken H.C.Andersen.Han er Danmarks største bidrag til verdslitteraturen.  

H.C.Andersen  
Hans Christian Andersen er frå Odense på øya Fyn, i Danmark. Han levde frå 1805-1875. Han kom frå fattige kår, der mora vaska for folk og faren var skomaker. Det som sies om  H.C.Andersen er at han var svakeleg, klossete og lite pen. Men han hadde ein livleg fantasi og var ærgjerrig. Då han bare var 14 år, reiste han til København for å gjere seg kjend som skodespelar eller songar. Han gjorde det ikkje godt ved teatret, men begynte å studere.  
Snart tok han til å gje ut dikt, skodespel og andre skrift. Gjennombrotet hans kom med romanen "Improvisatoren" i 1835. Samme året kom dei to første heftene "Eventyr fortalte for Børn" ut.  Han vart snart godt kjend ute i Europa for sine fine eventyr, 156 i alt. I det kjende eventyret om den stygge andungen som blei til ei svane, har han skildra sin eigen løpebane. Stoffet til eventyra henta han helst frå sin eigen fantasi. Ein del er inspirert av gamle eventyr og segn, men dei bær preg av hans personlege stil.  
I eventyra hans kan dyr og ting tale. Dei har både sterke og svake sider, akkurat som hjå menneska. På denne måten får han sagt noko viktig om menneska og det vi omgir oss med til dagleg.  
Produksjonen hans omfattar både eventyr, skodespill, lyrikk, romanar, reisebeskrivingar og sjølvbiografiske arbeid. Det er laga fleire fine og festlege illustrasjonar og bilete til desse kjende eventyra hans. Her ser vi den kjende skulpturen "Den lille Havfrue" i København som illustrerer eit av dei.  
  

Det spesielle med hans forteljarevne, er at han har ein vaksen ide, men skriv slik at barn lett kan forstå. Ved å bruke enkle bilete, kan han få fram ein ironi over verdas dårskap. Varm menneskekjærleik og medkjensle saman med kvikkhet og ironi, gjer at eventyra er like friske og fengslande for barn og vaksne i dag.  
  

I utkanten av den gamle bydelen i Odense, ligg H.C.Andersens Hus. Kvarteret rundt huset, blei på hans tid bebodd av småkårsfolk. H.C.Andersen hørte til det samme sosiale lag. Dette er eit museum som blei grunnlagt i 1905, 100 år etter diktarens fødsel. Her finn vi møblar og andre personlege eigendelar. Dette gjer at vi kan føle vi ser arbeidsrommet hans slik det var. På museet finn vi ei utstilling som fortel om diktarens liv og historie. Vi finn hans verk på fleire språk, illustrajonar og anna biletkunst som er inspirert av eventyra hans. Vi kan nemne at her får ein sjå manuskripta til, "Den lille Havfrue" og "Kejserens nye Klæder".  

Eit kjend eventyr er det litt triste eventyret; "Den lille pige med svovelstikkerne", skrevet i 1848.  
 Les eventyret                                                                     Til toppen.