Det norske flagget 

*Nordisk elevsamarbeid 
 kvifor og korleis.  
*Bjerkreim
*Turistkart over  
  Bjerkreim 
*Norgeskart
*Bilete frå Bjerkreim. 
*Om norske 
  folkeeventyr 
*Askeladden som  
  kappåt med trollet. 
*Fleire norske eventyr *Jelling, kart.  
* Litt historikk om  
  Jelling 
* Om H.C.Andersen. 
* Piken med  
  svovelstikkene. 
*Fleire eventyr av  
  H.C.Andersen. 
*Vikingane 
 

  
  

  Andre linkstader: 
* Meir om  
  H.C.Andersen 
* Meir om eventyr. 
*Meir om Bjerkreim 
*Kart over riker i 
  vikingetida. 
*Buplassar
*Vikingskip. 
*Bilete av vikingeskip og funn. 
*På togt med  
  vikingerne. 

 

Om norske folkeeventyr.  
Folk har alltid elska å fortelje. Riktig gamle forteljingar vert gjerne kalla eventyr. Dei er morosame, fantastiske og spanande. Dei har ofte ein helt som er eit heilt vanleg menneske. Helten kan ofte vere heldig eller vere utstyrt med spesielle eigenskapar. Moralen er enkel, men likevel ber dei eit preg av livsorientering og belæring  
Landa, der historia foregår, er ofte oppdikta. Det er ofte ein konge eller ein annan mektig herskar der. Det som går igjen i folkeeventyra, er at den gode får si lønn, men den vonde får straff.  
Vi kan finne dei samme eventyra igjen over heile verda, men dei har fått ulik utforming i kvar kultur. Espen Askeladd, som vi kjenner godt i norske eventyr, kan vi finne igjen i Asia, utkledd som ein annan. Den norske Askeladden er rapp i kjeften, spøkefull og oppfinnsam.  
Folkeeventyra er blitt bevart ved at nokon har skrive ned desse forteljingane som har overlevd ved munnleg overlevering.  
I mange land blei desse eventyra samla og skrivne ned på 1800-tallet. I Norge laga Asbjørnsen og Moe ei stor samling av dei norske folkeeventyra. Dei kalla samlinga for "Norske folkeeventyr" og ho kom ut 1840 åra.  
Dei arbeidde mykje med formen og språket i eventyra. Dei ville prøve å utgi dei så truverdig som dei kunne. Men dei gjenga dei ikkje mekanisk,  dei gjenskapte eventyra idet dei slapp til sine eigne kunstneriske evner. Dett gjennomsyrer verka deira og har gjort at det er eit heilstøypt norsk verk.  
Folkeeventyr har ukjende opphavsmenn og er vanlegvis overlevert frå slekt til slekt langt tilbake i tida.  
Kunsteventyr er derimot skapte av namngjetne kustnarar over same lest som folkeeventyr, t.d. H.C.Andersen.  

Jørgen Moe levde frå 1813-1882. Bilete frå Ascheougs illustrerte junior leksikon nr.1Han er kjend som diktar, eventyrsamlar og prest. Han gav opp folkeminnegranskinga då han blei prest i Krødsherad. I 1875 blei han biskop i Kristiansand. Utanom den samlinga med folkeeventyr, har han gitt ut "Digte" og barneboka "I Brønden og i Kjernet". "Hans samlede skrifter" kom ut i 1877. Ein del av dikta hans er populære.  
  
  

Peter Christian Asbjørnsen var fødd i Christiania ( Oslo) i 1812 og levde Bilete frå Ascheougs illustrerte juniorleksikon nr.1til1885.Faren var glassmeister, men då det gjekk dårleg med forretningane, fekk dei økonomiske problem. Dette gjekk ut over studiene og i tillegg var han ikkje særleg flittig som elev. Han reiste då til Ringerike på eit privat artiumskurs. Her var det han trefte  Moe. Det blei eit vennskap som resulterte i at dei gav ut fleire samlingar med norske folkeeventyr.  
Asbjørnsen var ein flittig samlar og den frodige forteljaren.  
Då Moe blei opptatt med prestegjerninga sin, fortsette Asbjørnsen aleine å utgje folkeeventyra. Han hadde eineansvaret for samlinga som kom ut i 1871. Det var og han som gav ut "Norske Huldreeventyr og Folkesagn".  Samling er sterkt prega av Asbjørnsens levande måte å framstille eventyra på. Han dikter inn sine eigne kjende rammeforteljingar.  Når Asbjørnsen kjende at han var mismodig, la han ofte ut på lange vandringar i skogen. Det trolske landskapet stimulerte fantasien hans og kom til utrykk i verka.  
Les eventyret om Askeladden                                                                               Til toppen av sida