Tysk grunnfag
Deltidsutdanning over 2 år, dvs. f.o.m. haust
1998 t.o.m. vår 2000. Studiestad:
Kristiansund.
Innhald
Studiet svarar i omfang og nivå til grunnfag
i tysk ved universiteta og er lagt opp slik at det skal gje studentane
solid øving i å bruke tysk språk både skriftleg
og munnleg. Det vert lagt stor vekt på øvingar i praktisk
tysk. Samstundes skal studentane få innsikt i tysk grammatikk, litteratur
og Landeskunde. Dette skal gjere dei kvalifiserte til å arbeide vidare
med stoffet på eiga hand etter eksamen og til å studere tysk
på eit høgare nivå ved universiteta.
Organisering og arbeidsformer
Det vert lagt opp til 9 helgesamlingar per semester,
med undervisning fredag ettermiddag og laurdag føremiddag.
Undervisninga vert gjeven dels i forelesingar,
dels i mindre seminar. Planar som viser fagleg innhald og arbeidsmåtar
fordelt på dei 4 semestra vil bli utarbeidde.
Eksamen og kompetanse
Ein føresetnad for å melde seg opp
til eksamen er at kandidaten har levert fire skriftlege oppgåver.
Dei skal skrivast innanfor grammatikk, litteratur, Landeskunde og praktisk
tysk, anten som særskilde arbeid eller i seminarsamanheng. Til avsluttande
eksamen vert det gjeve tre skriftlege prøver og ei munnleg prøve.
Fullført studium svarar til grunnfag i
tysk ved universiteta og kan såleis nyttast i ein cand.mag.grad og
som grunnlag for påbygging til mellomfag. Det er også godkjent
som årseining innanfor allmennlærarutdanninga.
Fagleg ansvarleg
Avdeling
for humanistiske fag v/Tysk institutt.
Studieavgift
Studieavgifta er
sett til kr 28.000,-. I tillegg må studentane betale ordinær
semesteravgift,
minimum kr 375,- per semester.
Opptak
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse.
Studiet vert sett i gang med atterhald om godkjenning
frå departementet, ressurssituasjonen ved høgskulen og at
det melder seg nok søkjarar.
TILBAKE |