Høgskulen i Volda 
Kontoret for etter- og vidareutdanning 
Boks 500  6101 Volda


 
Høgskulen i Volda sine fleksible vidareutdanningar studieåret 1998/99
 
 
Andre fleksible vidareutdanningar 1998/99: 

Vidareutdanning i rusproblematikk, del 1

Studiet byggjer på rammeplan for Vidareutdanning i rusproblematikk, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, april 1995.  

Høgskulen legg vekt på at vidareutdanninga skal ha nær kontakt med praksisfeltet, og samarbeider med Midt-Norsk Kompetansesenter for rusfaget om rekruttering og gjennomføring. 

Målgruppe 
Vidareutdanninga er retta mot fagpersonell i helse- og sosialtenesta, som arbeider med rusrelaterte vanskar på 1. og 2. line nivå, i privat og offentleg verksemd. Studiet skal vere tverrfagleg og tverrsektorielt. Ein vil søkje å nå målgrupper som har høve til å utvikle samarbeid innanfor same geografiske område. 

Mål for vidareutdanninga 
Rusproblematikken vil bli sett inn i eit livsløpsperspektiv. Utvikling av kritisk refleksjon over kjønnsproblematikk, etiske vurderingar og eigne haldningar vil vere i fokus. 

Studiet har som mål at studentane utviklar: 
- forståing og teoretisk kunnskap om avhengigheitsproblematikk generelt og rusmiddelproblematikk spesielt 
- samarbeidsevne, heilskapleg tenking og auka tverrfagleg innsats innan dei ulike instansar og nivå i russektoren 

Faginnhald  
Det faglege innhaldet er delt i 2 modular, kvar på 5 vekttal: 
Modul 1:  Kunnskap om rusmiddel og rusmiddelbruk 
Modul 2:  Psykologisk og samfunnsmessig grunnlagsforståing knytt til arbeid med rusrelaterte     vanskar    

Modul 1: Kunnskap om rusmiddel og rusmiddelbruk  

I denne modulen set ein fokus på kulturelle og biologiske aspekt ved rusmiddel og bruk/- misbruk av desse. Studentane skal skaffe seg kunnskap om korleis rusmiddelbruk er integrert i kulturtradisjonar og menneskelege fellesskap, og verknader det har på kropp og helse. Ein vil spesielt sjå på sider av rusmiddelbruk i ulike livsløpsfasar, samt trekkje fram kjønn og familieaspekt. Temaområde:  
- Rus og rusmiddel i eit historisk og kulturelt perspektiv 
- Forklaringsmodellar og epidemiologiske studiar 
- Rusmiddel, biologiske og toksikologiske aspekt 
- Somatisk og psykisk helse/skadeverknader 
- Alder, kjønn og generasjonsperspektiv 
- Samfunnsmessige og sosiale aspekt ved rusmisbruk  
- Kartlegging og evaluering innan rusfeltet  
-Avhengigheitsproblematikk                                                                         

Modul 2:  Psykologisk og samfunnsmessig grunnlagsforståing knytt til arbeid med rusrelaterte    vanskar 

I modul 2 står dei psykologiske, sosiologiske og samfunnsmessige perspektiva på rusmiddel og rusmisbruk i fokus. Studentane skal skaffe seg kunnskap om korleis rusmiddel grip inn i menneske sine strategiar for meistring, konsekvensane dette har for psykisk helse og for relasjonar og samhandling med andre. Studentane skal utvikle forståing for terapeutisk arbeid, lovverket og etiske vurderingar knytt til menneske med rusrelaterte vanskar. Fem hovudtema: 
1. Psykologiske tilnærmingar og ferdigheitstrening 
2. Sosiologiske og organisasjonsmessige tilnærmingar 
3. Lovverket 
4. Etikk  
5. Rettleiing 

Studie og arbeidsformer 
Studiet legg vekt på det tverrfaglege, heilskapssyn og handlingskompetanse. Dette vil få verknad for dei  pedagogiske arbeidsformene. I arbeidet med kunnskapsstoffet tek ein utgangspunkt i aktuelle problemstillingar som ein møter i feltet.  Ein legg til rette læresituasjonar der studentane får dele  røynsler og reflektere over eigne roller frå arbeidet med rusproblematikk.  
Dei lange periodane mellom samlingane krev at studentane er medvitne på det ansvaret dei har for eiga læring. Ein vil stimulere til organisering av lokale smågrupper/kollokvieverksemd. 

Arbeidskrav og vurdering 
Det er krav om 80% frammøte på samlingane. I tillegg skal ei skriftleg prosjektoppgåve (gruppe el. individuell) vere stått for å kunne gå opp til skriftleg individuell eksamen. 

Individuell skriftleg eksamen er på 8 timar. Denne vert vurdert med graderte talkarakterar. 

Organisering 
Studiet vert lagt opp som deltidsutdanning over 1 år, haustsemesteret 1998/vårsemesteret 1999. 

Undervisninga vert tilrettelagt som vekesamlingar ved Vestmo behandlingssenter i Ålesund. I kvart semester vil det verte gjennomført 3 vekesamlingar, som svarar til ein modul. 

Fagleg ansvarleg 
Avdeling for samfunnsfag v/Institutt for sosialfag 

Studieavgift 
Studieavgifta er sett til kr 13.000,-. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift, minimum kr 375,- per semester. 

Opptak  
Deltakarane bør ha 3-årig høgskuleutdanning i helse, sosial- eller pedagogiske fag. Det kan også vere aktuelt å ta opp studentar med universitetsutdanning tilsvarande minimum 40 vekttal innan relevante fagområde. Studentar med annan relevant utdanningsbakgrunn kan også søkje. For alle søkjarar gjeld krav om minst 1 års arbeidsrøynsle.Ved opptak vil det verte lagt vekt på representasjon frå ulike yrkesgrupper og arbeidsfelt. 

Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar. 
 

TILBAKE

 


Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) 
E-post: kev@hivolda.no