![]() |
Høgskulen i Volda
Kontoret for etter- og vidareutdanning Boks 500 6101 Volda |
|
|
|
|
Praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfagEtter avslutta godkjent fagutdanning (minimum 70 vekttal) ved universitet eller høgskule må studentane ha eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å kunne verte tilsette i lærar, adjunkt eller lektorstilling.Organisering og innhald Utdanninga vil bli organisert som deltidsstudium over to år (fire semester), dvs. haust 1998 - vår 2000. Undervisninga vil bli gitt i helgesamlingar (fredag ettermiddag og laurdag føremiddag). Utdanninga skal gje nødvendig fagleg og
pedagogisk kunnskap og praktisk opplæring i å planleggje, gjennomføre
og vurdere undervisning i samsvar med mål og retningsliner for grunn-
Studiet inneheld pr. dato 12 vekttal fagdidaktikk og 8 vekttal pedagogisk teori (inkl. 12 veker praksis) men studieinnhaldet kan bli justert frå hausten 1998, i samband med ny rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning. Planar som viser fagleg innhald og arbeidsformer i dei fire semestra vil bli utarbeidde. Studiestad: Ålesund. Eksamen og kompetanse
Studiet har to individuelle, skriftlege eksamenar, ein i pedagogikk og ein i didaktikk. Fullført studium kvalifiserer for lærararbeid på grunnskulens ungdomssteg, i vidaregåande opplæring og innanfor høgre utdanning. 10 vekttal i PPU-studiet er for tida godkjent som del av cand.mag.grad. Fagleg ansvarleg
Studieavgift
Opptak
Studiet vert starta opp med atterhald om godkjenning
frå departementet, ressurssituasjonen ved høgskulen og at
det melder seg nok søkjarar.
|