![]() |
Høgskulen i Volda
Kontoret for etter- og vidareutdanning Boks 500 6101 Volda |
|
|
|
|
Pedagogisk arbeid på småskulesteget2. 10-vekttalseiningStudiet byggjer på rammeplan for 10+10 vekttal Vidareutdanning i pedagogisk arbeid på småskulesteget. Formålet med dette studiet er å gi studentane kvalifikasjonar til å realisere måla for det nye småskulesteget. Dei må lære å kjenne sin eigen funksjon som lærar, og dei må tileigne seg kunnskap og dugleik dei treng som lærarar på småskulesteget. Dei må lære å forstå og verdsetje kva barna kan og veit, slik at barna får oppleve at skulen gir hjelp til å vidareutvikle det dei alt har tileigna seg. Det same gjeld den kulturen barna skaper seg i mellom. Gjennom studiet skal studentane få inspirasjon til å forme småskulesteget slik at det kan bli ein god skule både for seksåringane og dei større barna. Studentane må få innsikt i kor viktig det er å samarbeide med foreldra og gjere seg nytte av den ressursen dei er i dette arbeidet.Studiet er ei påbygging for dei som allereie har gjennomført 10-vekttalseininga Pedagogikk for barn 5-10 år eller tilsvarande. Organisering
Innhald
Studentane skal gjennomføre eit prosjektarbeid. For at førskulelærar og allmennlærar skal lære å kjenne kulturen og arbeidsmåtane til kvarandre , blir det tilrådd at dette arbeidet vert gjennomført i grupper der begge studentgruppene er representerte. To veker praksis er ein obligatorisk del av studiet, og arbeidet i praksistida kan knytast til prosjektoppgåva. Eksamen og kompetanse
Fagleg ansvarleg
Studieavgift
Ålesund
Opptak
Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen
ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar.
|