Høgskulen i Volda 
Kontoret for etter- og vidareutdanning 
Boks 500  6101 Volda


 
Høgskulen i Volda sine fleksible vidareutdanningar studieåret 1998/99
 
 
Andre fleksible vidareutdanningar 1998/99: 

Pedagogisk arbeid på småskulesteget, 

1. 10 vekttalseining 

Studiet byggjer på rammeplan for 10+10 vekttal Vidareutdanning i pedagogisk arbeid på småskulesteget. Formålet med dette studiet er å gi studentane kvalifikasjonar til å realisere måla for det nye småskulesteget. Dei må lære å kjenne sin eigen funksjon som lærar, og dei må tileigne seg kunnskap og dugleik dei treng som lærarar på småskulesteget. Dei må lære å forstå og verdsetje kva barna kan og veit, slik at barna får oppleve at skulen gir hjelp til å vidareutvikle det dei alt har tileigna seg. Det same gjeld den kulturen barna skaper seg i mellom. Gjennom  studiet skal studentane få inspirasjon til å forme småskulesteget slik at det kan bli ein god skule både for seksåringane og dei større barna. Studentane må få innsikt i kor viktig det er å samarbeide med foreldra og gjere seg nytte av den ressursen dei er i dette arbeidet.  

Organisering 
Ei eining er planlagt som distriktsmodular, dvs. organisering i  fem modular i tida juni 98 - juli 99:  
Modul 1  Parallelle samlingar i Ålesund og Molde  
               22. - 24.06. 1998 (valfri møtestad) 
Modul 2  Fellessamling i Volda, 25. 06. - ca. 01.07.1998 
Modul 3  4 planleggingsdagar og 2 helgesamlingar i  
               skuleåret 98/99  
Modul 4  Parallelle samlingar i Ålesund og Molde, juni 1999  
Modul 5  Fellessamling i Volda, 5 undervisningsdagar, juni/juli 99 

Vi har også planar om å starte ei eining i Kristiansund. Då vert undervisninga gitt i helge-samlingar (fredag ettermiddag og laurdag føremiddag) over to semester, dvs. haust 98 og vår 99.   

Innhald 
Småskulesteget vil ha elevar i alderen 6 - 10 år. Eigenarten til steget vil stå i sentrum for studiet, men overgangsproblem både i forhold til barnehagen og mellomsteget vil kome inn. Stoff som særleg gjeld dei yngste barna i grunnskulen er til vanleg plassert i 1. 10 vekttalseining. 

Studentane skal gjennomføre eit temaorganisert opplegg, og arbeidsformer som er vanlege i prosjekt, kan takast i bruk. For at førskulelærar og allmennlærar skal lære å kjenne kulturen og arbeidsmåtane til kvarandre, blir det tilrådd at dette arbeidet vert gjennomført i grupper der begge studentgruppene er representerte. 

To veker praksis er ein obligatorisk del av studiet. 

Eksamen og kompetanse 
Den avsluttande vurderinga omfattar: 
- Tverrfagleg arbeid vurdert til greidd/ikkje greidd  
- Skriftleg individuell eksamen, vurdert etter gradert skala 
  
Fullført studium gir 10-vekttal og kan inngå som ein del av ein cand.mag.-grad. 

Fagleg ansvarleg  
Avdeling for lærarutdanning v/pedagogikkseksjonen. 

Studieavgift 
Distriktsmodular: 
Studieavgifta er sett til kr 13.000 -. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift i eksamenssemesteret, minimum kr 375,-. 

Kristiansund: 
Studieavgifta er sett til kr 15.000 -. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift, minimum kr 375,- per semester. 

Opptak  
Grunnlag for opptak er anten fullført førskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning.  

Studia vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar. 
 

TILBAKE

 


Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) 
E-post: kev@hivolda.no