Leiing for offentleg tilsette
Leiing for offentleg tilsette, LOT, er eit tilbod
som først og fremst er retta inn mot det offentlege. Den sentrale
målgruppa er leiarar på alle nivå i kommunar, fylkeskommunar
og i staten. Studiet er også ope for politikarar og tillitsvalde
i offentlege verksemder. Også tilsette utan leiarfunksjonar kan søke
på studiet, og vil normalt kunne verte tekne opp, men leiarar har
førsteprioritet.
Formål
Studiet skal setje studentane i stand til å
utøve si leiargjerning på ein betre måte. Det skjer
ved at:
- studentane får tilført grunnleggande
og oppdatert kunnskap om leiing og organisering
- det vert presentert ulike perspektiv og modellar
for leiing og organisering
- ein legg vekt på å utvikle studentane
sine evner til sjølvstendig refleksjon og praktisk handling
- studentane vert stimulerte til å sjå
sin eigen situasjon i eit heilskapleg perspektiv
Organisering og innhald
Grunnstrukturen i studiet er sett saman av 7
samlingar, tre i haustsemesteret og fire i vårsemesteret. Det er
tilsaman 182 undervisningstimar, med 26 timar på kvar av dei sju
samlingane. Samlingane går over 4 dagar, frå måndag til
torsdag.
Kvar samling er reservert for eitt sentralt temaområde:
1. samling - Generell organisasjonsteori
2. samling - Organisering av offentleg sektor,
aktuelt FoU-arbeid.
3. samling - Organisasjonsutvikling
4. samling - Planlegging og økonomistyring
5. samling - Leiingsteori
6. samling - Personalleiing og personalutvikling
7. samling - Prosjektarbeid
Studiestad: Volda
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene på samlingane er førelesingar,
samtalar og gruppearbeid. Mellom samlingane arbeider studentane med individuelle
sjølvstudiar, i kollokviegrupper og med oppgåveskriving. Det
skal til saman skrivast tre oppgåver. Minst ei av oppgåven
skal vere ei gruppeoppgåve, og minst ei skal løysast individuelt.
Pensum er på ca. 2000 sider.
Eksamen og kompetanse
Studiet vert avslutta med ein 6-timars skriftleg
individuell eksamen. Studiet gir 10 vekttal og kan inngå i ein cand.mag.-grad.
Fagleg ansvarleg
Høgskulelektor Klaus Egge v/Avdeling
for samfunnsfag.
Studieavgift
Studieavgifta er
sett til kr 13.000,-. I tillegg må studentane betale ordinær
semesteravgift,
minimum kr 375,- per semester.
Opptak
Grunnlag for opptak er gjennomført grunnutdanning
på høgskule-/universitetsnivå og minimum 2-års
yrkespraksis. Særleg relevant praksis, t.d. som leiar og/eller erfaring
frå politiske leiarverv, kan kompensere for utdanning utover generell
studiekompetanse.
Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen
ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar.
TILBAKE |