Høgskulen i Volda 
Kontoret for etter- og vidareutdanning 
Boks 500  6101 Volda


 
Høgskulen i Volda sine fleksible vidareutdanningar studieåret 1998/99
 
 
Andre fleksible vidareutdanningar 1998/99 

Informasjonsteknologi for lærarar 

1. og  2. 10-vekttalseining 

(gjennomføring av fjernundervisning i samarbeid med AV-sentralen) 

Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som arbeider i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller i opplæring av vaksne. 

Innleiing 
Faget omhandlar pedagogisk bruk av informasjonsteknologi (IT), og innhaldet skal vere relevant i skulekvardagen. L97 stiller store krav til bruk av IT på alle klassetrinn og innan alle fagområde. Studiet skal både setje studentane i stand til å nærme seg denne målsetjinga og gjere dei til personlege IT-brukarar. 

Studiet skal utvikle reflekterte haldningar til IT, slik at vi får ei mest mogeleg konstruktiv utvikling av IT i skulen. I tillegg skal studentane få bakgrunn til å nytte IT i si eiga kompetanseoppbygging.  
Gjennom studiet vil vi fokusere på kunnskap som kan gi grunnlag for å bruke teknologien i ulike fag i skule og opplæring, både tilpassa eleven sjølv og dei ulike alderstrinna. Ei anna side som vi legg vekt på er vurdering av korleis IT påverkar mål, innhald og roller i opplæringssamanheng. Vi legg KUF si inndeling i  
   - Leike for å lære 
   - Bruke for å lære 
   - Lære for å bruke til grunn. 

Organisering og arbeidsformer 
Undervisninga foregår over Internett. Studentane må ha personleg elektronisk postadresse, og kunne sende og motta meldingar. Førelesingar/kompendium blir sende til studentane over nettet. Der vil også studentane få rettleiing, arbeidsoppgåver og annan informasjon. Studentane vert oppfordra til å ta kontakt med kvarandre, og det vil verte organisert elektroniske kollokviegrupper. Eit ope diskusjonsforum står også til disposisjon.  

Alle forelesingar, kompendium og opplysningar generelt, vert lagt inn på eit system av nettsider der stoffet kan hentast, lesast eller skrivast ut.  

Det kan verte aktuelt å lage førelesing på video i emne som krev ei annan type visualisering enn det ein får fram over nettet. Som ei innføring i måten vi jobbar på vil studentane få tilsendt eit  
innføringskurs på video.  

Første 10-vekttalseining 
Eininga vender seg mot lærarar i grunn- og vidaregåande skule, og er delt i tre modular: 
   - IT og prosjektarbeid, innføring i IT (4vt) 
   - IT i faga, pedagogisk bruk av informasjonsteknologi (4vt) 
   - IT i samfunn og arbeidsliv (2vt) 

Studiet har tatt opp i seg heile etterutdanningsplanen for lærarar. 

Andre 10-vekttalseining 
Eininga vender seg mot lærarar i grunn- og vidaregåande skule som gjennomfører eller har gjennomført første halvårseining i faget.  
Studiet er delt i tre modular: 
   - Elektroniske læremiddel (4 vekttal)  
   - Prosjektarbeid (2 vekttal)  
   - Dataansvar (4 vekttal) 

Fagleg ansvar 
Avdeling for lærarutdanning v/Samfunnsfagseksjonen. I studiet vil ein i stor grad nytte gjesteførelesarar med høg kompetanse på sine fagområde.  

Studieavgift 
Studieavgifta er sett til kr 11.000,- per 10-vekttalseining. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift i eksamenssemesteret, minmum kr 375,- per semester.  

Opptak 
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse. Søkjarar med lærarutdanning vil bli prioriterte. Studia vert sett i gang med atterhald om at det melder seg nok søkjarar. 
 

TILBAKE

 


Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) 
E-post: kev@hivolda.no