Historie mellomfag
Mellomfagstillegget skal vere ei påbygging
til grunnfaget. I forhold til grunnfaget skal mellomfaget gå djupare
inn på meir avgrensa emne og tema. Mellomfagstillegget skal leggje
grunnlag for vidare studium i faget. Det skal utvikle ei sjølvstendig
haldning til historiske problem, m.a. gjennom teori og arbeid med skriftlege
oppgåver.
Innhald
Innhaldet i studiet er bygd opp om temaet Regionale
kontrastar og mangfald i historia og pensum for mellomfagstillegget er
sett saman av tre komponentar:
1. Eit kjernepensum med vekt på metode
og teoriar (2 vekttal)
2. Eit globalhistorisk emne (3 vekttal)
3. Eit hovudemne, Fylkeshistorie for Møre
og Romsdal (5 vekttal)
Organisering og eksamen
Studiet vert organisert som helgesamlingar, i
særleg grad med laurdagsundervisning, men også noko undervisning
både fredag og laurdag. Studiet vil gå over to semester, haust
98 og vår 99.
Avsluttande eksamen vert i mai1999, og blir gjennomført
slik:
* Ein åtte timars skriftleg eksamen, der
studentane kan bli prøvde både i kjernepensumet og i det globalhistoriske
emnet.
* Ei semesteroppgåve innanfor hovudemnet
Fylkeshistorie for Møre og Romsdal får ein skriftleg karakter,
som blir justert med ein munnleg eksamen i hovudemnet.
Kompetanse
Historie mellomfag utgjer 10 vekttal og er eit
tilbod for studentar som på førehand har teke eksamen i historie
grunnfag.
Eksamen frå grunnfag + mellomfagstillegg
kan gå inn som ein del av cand.mag.-grad, og skal etter vanlege reglar
gi grunnlag for opptak til historie hovudfag ved universiteta.
Mellomfaget gir kompetanse til å undervise
på alle steg i skuleverket.
Fagleg ansvarleg
Studiet er forankra i Avdeling
for humanistiske fag v/Historisk institutt.
Studieavgift
Studiet må finansierast ved eigenandel
for deltakarane. Eigenandelen vert kr 12.000,-. I tillegg må
studentane betale ordinær semesteravgift,
minmum kr 375,- per semester.
Opptak
Grunnlag for opptak er bestått eksamen
i historie grunnfag.
Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen
ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar.
TILBAKE |