Generelle opplysningar
På desse heimesidene presenterer vi Høgskulen i Volda sine
fleksible/avgiftsfinansierte vidareutdanningar for studieåret 1998/99.
Med vidareutdanning meiner vi studium som er eksamensretta og gir formell
kompetanse (vekttal). For å bli teke opp som student ved desse tilboda,
nyttar ein eit eige søknadsskjema som de får tilsendt ved
å kontakte høgskulen.
Organisering
Ved å variere undervisningsstaden, ønskjer vi å
ta omsyn til ulike regionale behov. Vi prøver også å
tilpasse undervisninga til deltakarane sine behov for å kombinere
utdanning med ein jobb- og familiesituasjon, og undervisninga vert difor
i hovudsak lagd til ettermiddags- og kveldstid, som helgesamlingar og konsentrerte
vekesamlingar av ulik lengd. Vi tek også i bruk alternative former
for tilrettelagt undervisning, t.d. forelesingar og kollokviering på
Internett.
Kostnader
Vidareutdanningstilboda vil i hovudsak verte finansierte ved hjelp
av studieavgift frå kvar einskild deltakar. (Sjå konkrete kostnader
under kvart studietilbod.) Denne avgifta vert bestemt ut frå
dei faktiske kostnader, som m.a. er utgifter til fagleg leiing og undervisning,
rettleiing, praksis, eksamensavvikling, sensur og div. administrasjon,
samt leige av lokale og reisegodtgjersle. Dette er kostnader som varierer
noko frå tilbod til tilbod, og fører difor til ulike storleikar
på studieavgiftene.
Binding/kontraktfesting
Vidareutdanningane vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen
ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar. Deretter
må vi sikre studiekvaliteten, og når alle avtalar om undervisning
og anna oppfølging av studiet er gjort, er vi bundne opp av dette
økonomisk. Gjennomføring av studia er såleis avhengig
av at deltakartalet held seg oppe, og kvar einskild deltakar må difor
skrive under på ein studiekontrakt. Denne kontrakten er gjensidig
forpliktande, og særlege reglar gjeld for oppheving av kontrakten.
Betaling
Deltakarar på vidareutdanningane vert registrerte som studentar
ved høgskulen, med dei rettar og plikter dette omfattar. Krav om
innbetaling av studieavgift og semesteravgift vert sendt ut omlag midt
i kvart semester. For studium som varer lenger enn eit semester, vert studieavgifta
fordelt på kvart semester.
|